Billig mat, Fest, Noko søtt
Comments 6

Rabarbrarull til maifest

Til dessert på maifestbordet mitt serverer eg rabarbrarull. Rabarbraen sprutar ut i hagen min, og eg brukar den så mykje eg kan. Dette er ein ny kakevariant, som vart ganske god, om eg skal seie det sjølv. Slik gjer du det:

Rabarbrarull

275 g kveitemjøl

5 ss sukker

1 ts bakepulver

½ ts salt

75 g smør

1 egg

½ dl mjølk

Fyll:

350 g rabarbra

6 ss sukker

1 ts finreve sitronskal

1/2 ts kardemomme

Pynt:

1 egg

litt perlesukker

Sett steikeovnen på 220 grader. Bland dei tørre ingrediensane og smuldre i kaldt smør. Pisk egg og mjølk og rør inn i deigen. La deigen kvile ein halvtime i kjøleskap.

Kjevle deigen til et rektangel (ca. 25×30 cm). Eg gjer dette rett på eit bakepapir av silikon, då vert deigen enklare å handtere.

Bland rabarbra, sukker, sitronskal og kardemomme, og fordel det over deigen. La det stå igjen 1 cm langs kanten. Pensle deigkantane med samanpiska egg. Brett inn deig-endane og rull sammen kaka som ei rullekake. Legg den på steikebrett med skjøten ned.

Pensle kaka med samanpiska egg, og dryss på perlesukker. Steik kaka midt i omnen i ca. 30 minutter. Avkjøl kaka litt, og server den med crème fraîche rørt med litt ekte vaniljesukker, krem eller vaniljesaus. Denne kaka gir ca. 8-10 porsjonar.

Ha ein fin mai-fest!

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Tone says

    Nam..

    Elsker rabarbra. Og denne ser virkelig god ut, må prøves en gang

  2. Så heldig jeg var nå! Jeg har to «hekker» med rabarbra hos meg og har kjempelyst til å lage mye og forskjellig av den.
    Gode ønsker fra Eirin

  3. solfrid says

    Takk, Alt godt! Til mine gutter på 17.mai 🙂

  4. Pingback: Fleire mai-rettar: Grøn ertesuppe « Alt godt

Leave a Reply to solfrid Cancel reply