Middag, Tilbehør, Veggis
Kommenter innlegget

Grøderik haust


Eg samlar framleis av haustens grøde.

I dag er det grøne bønner som får vere med på kjøkkenet. Eg har laga ein grateng med grøne bønner som kan vere både tilbehør og hovudrett, og den kan også vere vegetarisk.

Eg krydrar den mildt, men har hatt i litt grilla paprika for å gje den ein fyldigare smak. Når paprikaen vert grilla forsvinn den ”grøne” smaken av fersk paprika, og den får ein søtleg, røykt smak.

Det fine med ein grateng er at den kombinerer saus og tilbehør. Færre ting på bordet, ganske enkelt. Med skinke eller til dømes røykelaks i blir den mettande og god, med alt i ei form. I vegetarisk versjon er den ein fin hovudrett, eller eit festtilbehør til steikt kjøt eller fisk.

Eg fann ferske grøne bønner, det har dei i butikkane rundt omkring no på hausten. Seinare kan du lage denne gratengen med frosne bønner, det går like fint. Slik gjorde eg det:

Grateng med (skinke og) grøne bønner

 400 g grøne bønner, helst ferske

(150 g skinke i strimlar eller bitar)

Ein løk

4 ss smør

4 ss mjøl

8-9 dl mjølk

salt og peppar

3 dl riven ost

2 paprika, grilla og flådd

Brødsmular/strøbrød

 Sett ovnen på 225 grader. Del paprikaene i to, fjern frøa og legg dei på bakepapir på eit steikebrett. La dei steike i 25-30 minutt til dei er nesten svarte. La dei kolne i ein ziplock-pose eller ein brødpose du knyter knute på. (Poenget er at fukta skal vere inne i posen, då vert skalet lettare å fjerne når filetane har kolna.) Fjern stilkfestet og skalet. Del fruktkjøtet i strimlar. Legg til side.

 Rens bønnene ved å kutte endane av. Kok opp vatn i ei vid panne, og tilsett salt. La bønnene koke i 4-5 minutt. Legg dei rett over i iskaldt vatn i nokre minutt, og legg dei så over i eit såld slik at dei får renne av medan du lagar ferdig resten av gratengen.

 Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør i mjølet. Slå i mjølk, og rør godt medan det kokar opp. Ha i finhakka løk. La sausen småkoke i fem minutt for å fjerne mjølsmaken. Smak til med salt og peppar. Dra sausen til side, og rør inn osten.

 Legg bønnene i ei eldfast form. Legg på paprikastrimlane og den oppskårne skinka. Slå sausen over det heile, og dryss på strøkavring. Bak gratengen nederst i omnen i 30 minutt.

This entry was posted in: Middag, Tilbehør, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s