Billig mat, Noko søtt, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 3

Ei plommeoppskrift til?


Ein får vel eigentleg aldri nok plommeoppskrifter, og særleg ikkje viss ein har stor plommeavling i hagen.

Dagens kake er ei plommekake som du kan lage opp ned. Den er ikkje så ekstremt søt, men veldig frisk og god, med ein nærmast mørdeigaktig deig. Har du ikkje plommetre kan du kjøpe ei korg i butikken. Denne kaka kan også lagast med eple og pærer, til dømes. Slik gjorde eg det:

Opp-ned plommekake

1,5 dl brunt sukker

3 ss smør

10-12 plommer

Deig:

200 g mjøl

2 ts bakepulver

¼ ts natron

3 ss sukker

100 g smør, iskaldt

2 dl surmjølk

Rømmekrem

100 g rømme

2 ss melis

1 ts vaniljesukker

Sett omnen på 200 grader.

Smelt 3 ss smør i ei steikepanne, og slå i det brune sukkeret. La det surre til sukkeret blir karamellisert. Slå det i ei 20 cm form. Del plommene i båtar, og legg dei i karamellen.

Ha mjøl, smør, sukker, natron og bakepulver i ei matmølle, og køyr det til det er ein grynete masse. Slå i surmjølka, slik at det heile blir til ein glatt deig. Legg deigen oppå plommene med skei, og smør den utover.

Bak kaka på 200 grader i 20 minutt til den er gylden. La forma stå i 10 minutt før du snur den fort på eit kakefat. Server kaka lunken med rømmekrem til.

3 Comments

  1. Ragnhild says

    1 ts vaniljekrem ? Meiner du vaniljesukker? Kaka ser kjempegod ut!

    Likar

  2. Hups, her har det gått fort i svingane! Vaniljesukker skal det vere, sjølvsagt. Takk for at du sa frå!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s