Livet
Comment 1

Julebordsesong og blodmangel

Sjølv om det meldte seg mange nye blodgjevarar i etterkant av Utøya-tragedien så treng blodbankane rundt om i landet alltid nye som vil bidra til å bygge opp lagera av blod og andre blodprodukt.

No er vi på veg inn i julebordssesongen, jobben min hadde faktisk julebord medan eg var på signeringstur til Sunnmøre. Der vonar eg det gjekk pent og pynteleg for seg, men det er ikkje på alle julebord det gjer det. Og når folk skal heim skjer det mykje knuffing og slossing i taxikøar og andre stader rundt om.

Det gjer at blodbankane går inn i ei periode no der dei tærer på lagera sine. Eg skal gje blod i dag, og dersom du ikkje allereie er blodgjevar oppmodar eg deg til å sjekke om du kan gje blod, og registrere deg som blodgjevar. Det er ein meiningsfylt og nyttig ting å gjere for samfunnet og for beredskapen i landet vårt. Du kan til dømes registrere deg på www.giblod.no. Gi blod!

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Gjerne! Må bare vente til penicillinet er ute av kroppen 🙂 Jeg er registrert her i byen, men av uforskyldte årsaker har jeg måttet vente ei stund – og så ble det lenger nå på tampen.

    Kjempefin påminnelse!

Leave a Reply to Elisabeth Cancel reply