Heidi ga meg denne oppskrifta for lenge sidan, den må du ha i bloggen din, sa ho.
Sidan då har den lege og vansmekta på kjøkkenet mitt. Men laurdag morgon kom eg på at eg ikkje hadde bakt brød kvelden før. Då passa det godt med Heidi sine scones.
Scones er bakverk som vert heva med bakepulver, og treng dermed verken heve eller kvile. Det skal rett i omnen etter at deigen er rørt saman. Tradisjonelt vert scones servert til Afternoon tea, men her i huset fungerer dei altså også perfekt som frukostbrød.
Då eg opna kjøleskapet fann eg ein halvliter med melonyoghurt, og den fekk vere med i scones-deigen. Den erstatta sukker i min deig, elles kan du godt ha litt sukker i deigen. I Heidi si oppskrift er det også rosiner, men det droppa eg.
Heidi si oppskrift er stor, og eg var i eksperimenteringsmodus, så eg lagde full porsjon, og putta halvparten i kjøleskapet for å sjå om scones som hadde kvilt i eit døgn vart etande. Det gjekk fint, det var ingen skilnad på smak og heveevne på søndagsscones og laurdagsscones. Slik gjorde eg det:
5 dl (300 g) kveitemjøl
3 dl (200 g) grovt mjøl, eg brukte sammalt grov kveite
100 g smør
2 ts bakepulver
2 dl mjølk
5 dl yoghurt
100 g valnøtter
30 g hasselnøtter
Sett steikeomnen på 220 grader. Varm ei tørr steikepanne, og ha i nøttene. Rist dei til dei byrjar skifte farge og lukte aromatisk. La dei kolne litt før du hakkar dei i ei matmølle. Set til side i ei skål.
Ha mjøl, smør, salt og bakepulver i matmølla, og køyr det til smøret er heilt smuldra. Då eg kom så langt hadde eg mjølblandinga over i ein stor bolle, og rørte inn nøttene, mjølka og yoghurten.
Du kan sikkert gjere deigen ferdig i matmølla og, men det vert eit styr å gjere reint (deigen er ganske fuktig) og dessutan skal mjølet ikkje eltast mykje når det våte har kome i.
Legg bakepapir på ei bakeplate, og sett deigen utover i passe store haugar med to spiseskeier. Sett brettet i omnen, og sett temperaturen ned til 200 grader. Steik sconesa høgt i omnen i ca. 20 minutt.
Server sconesa med godt smør, appelsinmarmelade og ein kopp te.
Å det såg godt ut! Eg har ofte laga scones sjølv, men aldri med nøtter.
Ser knallgodt ut! Tror du det går greit å bytte nøttene med mandler?
Ja, det går sikkert fint, Anita. 🙂