Grønt
Comment 1

Ein smart planteidé!


Her om dagen var niesa mi i vennegruppe, og mammaen som hadde klassa heime hos seg hadde ein god og grøn idé som eg tenkte eg skulle formidle vidare.

Barna fekk kvar sine to mjølkekartongar. Dei vart skylt, og eine langveggen vart fjerna med saks og kniv. «Huset» på toppen vart teipa inntil kartongen med gaffateip.

Så fylte dei jord i kartongane, og sådde frø i dei. No står tre kraftige squashfrø i den eine mjølkekartongen, og i den andre ligg det ein neve karsefrø som har spirt, og snart skal få dekorere og gje smak til eit eggesmørbrød.

Eg syns dette var veldig praktisk når ein vil så, men ikkje har potter tilgjengeleg. Ein pose frø rekk langt, og med mjølkekartongar som potter kan ein få mykje såglede og hageglede for lite pengar.

 Når frøplantane er klare og veret har blitt litt varmare skal squashplantane få kose seg ute, enten i eit bed eller i ei diger potte. Smart, ikkje sant?

This entry was posted in: Grønt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Slik kan jeg huske vi gjorde i småskolen en gang for lenge, lenge siden – på slutten av 70-tallet…

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s