Fest, Noko søtt
Kommenter innlegget

Sabayonnegratinerte blåbær


Å, får vi dessert! Ja, dei er ikkje så bortskjemte desse tenåringane. Dessert har vi berre av og til. Denne er superenkel, men den må ferdigstillast medan sausen vert skrapa av tallerknane. Eg lagar ein sabayonne, ein slags eggedosis som eg brukar til å gratinere bær med. Superenkelt!

IMG_6064Sabayonnegratinerte blåbær

Ca. 75 g bær per person

1 ts honning per person

2 dl kvitvin

2 egg

4 ss sukker

Før middagen:

Ha kvitvinen i ei lita gryte, og kok opp. La den koke til litt under halv mengde, du skal ha att ca. 0,8 dl vinsirup. Dette kan du gjere i god tid.

Legg bæra i små eldfaste former. Ringle over ei teskei honning i kvar form. Når du tek paien ut av omnen slår du omnen av, og set inn formene. La dei stå for å falle saman medan middagen vert spist.

Når hovudretten er servert: Ta formene ut av omnen. Set grillen i steikeovnen på full pinne, oppunder 250 grader. Ha egg og sukker i ein bolle, og pisk det stivt. Pisk inn den avkjølte vinsirupen til slutt. Hell eggedosisen i formene, og bak dei i omnen i 1-2 minutt. Stå og sjå på, dette går fort. Server desserten varm.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s