Billig mat, Gjærbakst, Mat, Middag, Oppskrifter for barn, Veggis
Leave a Comment

Fylt rivebrød

Av og til treng ein berre noko å kose seg med. Det er fort gjort å ty til snop og potetgull, men den beste kosematen er den du lagar sjølv.

e0BR9%U8RSOLOsgyFy24vAEin liten gut eg serverte dette til sa: Det er som pizza som står! Ja, det er på ein måte det. På engelsk kallar ein det pull-apart-bread, på norsk kan vi kalle det rivebrød. Deilig, saftig gjærdeig som vert steikt lag på lag med gode smakar mellom skivene. Det er veldig enkelt å servere, legg det på eit fat, eller ta det med deg på tur i ein avlang boks, og så sender du det rundt, og alle riv av sin bit.

Smakane i slike rivebrød kan varierast i det uendelege. Dei kan også lagast søte, med bolledeig som du kjevlar ut, og smører med smør, sukker og kanel, eit nøttedryss eller med søtt pålegg som hapå eller nugatti. Til kveldskos eller lunsj er det vel så godt med den salte versjonen, og i dag har eg laga fire ulike smaksvariantar.

fullsizeoutput_4d65Ver raus med fyllet, her kan du verkeleg få brukt opp det du har i kjøleskapet. Eg laga med smørsteikt kvitløk (inkludert smøret) og raud pesto, med raudløk og pesto, med spekeskinke og med raudløk og blåmuggost. Har du ikkje raud pesto kan du bruke den grøne. Du kan også bruke andre tomatsausar med kraftig smak. Oliven og urtekrydder er veldig godt i, og du kan ha ost mellom skivene i tillegg til oppå. For mykje av det gode kan som kjent vere heilt fantastisk. Brødet kan også lagast utan ost, då kan du pensle toppen med piska egg, og drysse på frø, til dømes.

Sjå på dette som ei grunnoppskrift, som du varierer etter kva du har tilgjengeleg. Eg toppar mine rivebrød med ost, men du kan også pensle dei med egg og drysse på sesamfrø, valmuefrø eller gi dei eit lett dryss med paprikapulver. Sa eg at du også kan lage dette med ferdig pizzadeig? Det blir dyrt, og kanskje blir ikkje deigen så luftig og fin, men det er enkelt, og blir nesten like godt.

Server rivebrødet til ei suppe, som ein del av ein buffé eller åleine til kveldskos med ein kopp te eller eit godt glas vin.

fullsizeoutput_4d62Grunndeig til rivebrød med salt fyll

(Oppskrift til to rivebrød, eit er ofte for lite.)

5 dl lunka vatn

1 pakke fersk gjær

1 ss honning

1 ss salt

10-12 dl kveitemjøl

Ha vatnet i bakebollen, og løys opp gjæra. Ha i honning og salt, og elt inn mjølet litt og litt, til du får ein passe fast deig. Den skal ikkje vere for hard, hald gjerne tilbake litt på mjølet, slik at du heller kan ha i litt ekstra etter første heving. La deigen heve tildekka i 40-45 minutt i bakebollen.

Smør to brødformer med smør. Du kan også legge bakepapir i botnen, og berre smørje sidene av formene. Sett steikeomnen på 200 grader.

Dryss godt med mjøl på bakebordet, og legg deigen på bordet. Del deigen i to, og kjevle den første halvparten ut til eit avlangt rektangel. Fordel fyllet du har valt på kvar si side av leiven, og brett over slik at du får ein lang strimmel. Kutt strimmelen i bitar som passar ståande til forma di. Still forma på skrå opp mot ei fjøl eller liknande, og stable deigbitane ståande i forma. Det gjer ingenting om dei ligg litt på skrå. Dryss på godt med ost, og la rivebrødet heve i 40 minutt. Steik brødet nederst i omnen i ca. 35 minutt.

Forslag til fyll:

Spekeskinke i strimlar

Mjuksteikte løkringar

Tynne, steikte skiver av kvitløk

Tomatpesto

Urtepesto

Skiver av blåmuggost

Smaksrik kvit ost

Oliven i skiver

Raud pesto

200 g tørre soltørka tomatar

100 g parmesan

100 g pinjekjerner

Olivenolje

Legg tomatane i bløyt i ei gryte i nokre timar. La dei få eit kjapt oppkok i bløytevatnet. Sil frå tomatane, og bruk tomatkrafta i ein bolognese eller i ei suppe.

Ha dei bløytte tomatane i ei matmølle saman med riven parmesan. Eg riv parmesanen fordi viss eg har den i i bitar vert det så fort osteklumpar i pestoen. Rist pinjekjernene på tørr steikepanne til dei er pent brune, og ha dei i matmølla. Køyr alt glatt. Spe med olivenolje til massen får ein fin konsistens.

Ha ei strålande helg!

Alt godt, Gunda

Smørsteikt kvitløk/løk

Tre fedd kvitløk/ein liten raudløk

3 ss smør

Kutt enden på kvitløksfedda, og skrell dei. Snitt dei tynt på tvers slik at det blir små dropeforma skiver. Smelt smøret i ei steikepanne, og la det bli lysebrunt. Legg i kvitløksskivene, og skru ned varmen. La det stå til skivene er mjuke og gylne. Raudløken lagar du til på same måte, skjer tynne skiver, og steik dei gylne i lysebrunt smør på svak varme. Det tek litt tid, men det smakar fantastisk.

 

Leave a Reply