All posts tagged: enkel mat

Sommaren på eit fat

Viss du har urter i hagen, så er du heldig. Dei sprutar opp av jorda, og gir eit hav av sjansar til å heve smaken på maten du lagar. Urter er ein utruleg enkel måte å utnytte hagen på, men dei kan også trivast på ein balkong i ei krukke. Eg er sjølvforsynt med oregano og persille på balkongen, og det einaste dei krev er litt vatn no og då. Der eg har hagen min er utvalet langt større. Der dyrkar vi løpstikke, persille, timian, estragon, rosmarin, rukkola og sar, for å nemne nokre. Oreganoen er ein skikkeleg biemagnet, og myntene har fått si eiga kasse, så dei ikkje skal innføre myntenes verdsherredømme. Det gjer dei om dei får lov. Dill og koriander bør såast fleire gongar i løpet av sesongen, dei går i blomst før du får sukk for deg. Når eg skal lage middag tek eg med meg ei korg og ei saks ut i hagen, og så plukkar eg det eg vil ha som passar til det eg skal lage. Thaimat og …

Bakt skrei med cherrytomatar

Skreien er her, få ting er så godt som den ferske fisken som no kjem i butikkane. Ein torskemiddag er kjapp mat, og passar perfekt når det er travelt. Men det er også fint å servere den til fest, på nye måtar og kombinert med nye smakar. Portugisarane var først ute med å kombinere torsk, eller bacalhau som dei kallar det med tomat. Den mjuke, saftige fisken passar perfekt med søte tomatar, og dette kan serverast på ulike måtar. I dag får du lære to ulike tilbehør til torsken, ein fyldig rotmos og urtebakte poteter. Lag ein av dei eller begge, så alle får sin favoritt. Dei urtebakte potetene er ein variant av ein populær måte å lage poteter på; å koke dei halvferdige, og så kaste dei rundt med ein variant av feitt. Dei mest ivrige brukar andefeitt, det smakar magisk godt. Eg hadde ikkje andefeitt i dag, så eg brukte olivenolje og urter, det vart nesten like godt. Rotmosen laga eg av kålrot, gulrot og persillerot. Her kan du variere etter kva du …