All posts tagged: epler

Haustdessert – eplekompott

Her i byen er det snille folk som plukkar epla sine, og så heng dei posar med eple over gjerdet, til dei som ikkje har epletre. Det er reint så ein får tilbake trua på det gode i oss menneske. Har du eple, så rens dei, og kok ein lekker eplekompott til dessert. Med litt kanel og piska krem på er det ei deilig avslutning på eit godt måltid. Då eg vaks opp fekk vi rett som det var dessert. Det er ikkje så vanleg lenger, men det er eit lite lyspunkt i dagen å få ei lita, søt avslutning på måltidet. Vi hadde besøk av nokre franske jenter for eit par år sidan, og då den eine skulle dekke på bordet la ho på dessertskeier til lunsj. Eg vart overraska, og hadde ingen dessert på lur. Då skulle eg ha laga eplekompott, det går veldig fort, og er veldig enkelt. Eplekompott 1 kg eple 1,5 dl vatn 2 dl sukker Ei kanelstang Kremfløte til servering Skrell epla, del dei i to, og fjern kjernehuset. …

Honningbakte eple med mandellok

For nokre dagar sidan lagde eg denne desserten, basert på nokre lekre juleraude eple som låg att på fruktfatet. Eg mistenker familien min for å ikkje ete dei fordi dei såg ut til å vere av plast, perfekt raude og lysande som dei var. Men bakt med eit deilig mandellok vart det ein god og enkel dessert. Mandelloket kan du bruke på mange ting, både bær, pommer, pærer og rabarbra frå frysaren vert godt med dette mandelloket. Det har også klare fellestrekk med toscakaketopping. Honningbakte eple med mandellok To eple 1 ss honning Eit dryss kanel Mandellok: 50 g smør 50 g skolda mandlar 3 ss sukker 1 ss mjøl 1 ss mjølk 1 ts kanel Skrell epla, fjern kjernehuset og kutt dei i terningar. Ha eplebitane i ein bolle, ha over honning og kanel, og rør rundt. Fordel eplebitane i seks porsjonsformer, eller ei større form. Set dei i omnen på 180 grader varmluft i 10-15 minutt. Mal mandlane til mjøl. Har du det travelt kan du trygt droppe skoldinga først. Smelt smør i ei …

Kvit gløgg/eplegløgg

Det er ein gløgg basert på eplecider og kvitvin, og har ein lettare, ”vaksnare” smak enn den vanlege raude. Den er fin som aperitif på ein førjulsfest, eller på termos når du skal ut på tur i skogen. Du kan også lage ekstraktet med kvitvin viss du vil. Slik gjer du det: Gløggekstrakt 5 dl eplecider (du kan bytte den ut med eplejuice viss du vil) 3 ss brunt sukker Fire klementiner Ein bit ingefær Ein stjerneanis 10 nellikspiker To kardemommekjerner Ein bit kanelbork Ha eplecideren i ei gryte, og varm den opp. Knus kryddera, og ha dei i saman med brunsukkeret. Del klementinene i to, press ut safta, og ha både saft og skal i gryta. La det heile trekkje på svak varme i ein halvtime. Trekk gryta av plata, og la den stå til den har kolna. Sil frå alt rusket. Varm opp 2 liter cider og ei flaske kvitvin i ei gryte. Ha i ekstraktet. Smak til om du syns det trengst meir sukker. Server gløggen i pene glas med ei klementinskive …