All posts tagged: feitetysdag

Dei aller beste pannekakene


Pannekaker, det er vel lett? Tja, eg har smakt gode pannekaker, og eg har smakt dårlege. Tjukke, utan salt eller sukker, sviddsteikte utan kjærleik, då blir det ikkje bra. For meg er pannekaker luksus. Ikkje fordi det er så råflott på nokon måte, men fordi eg prøver å passe på kva eg et, og då har eg det for meg at pannekaker ikkje er så bra for meg. Det er sikkert berre tøys, men det fører iallfall til at eg et det ganske sjeldan. Då vert lukka desto større dei få gongane eg lagar det. Denne oppskrifta har eg frå mi eiga notatbok med matoppskrifter, som eg opprinneleg fekk på skulekjøkkenet. Det er den første oppskrifta eg har eit klart minne av å ha laga og skrive ned sjølv. Ei venninne og eg eksperimenterte på kjøkkenet over fleire dagar, og konkluderte med at denne ga den optimale balansen, pannekakene vart passe salte, passe søte og passe tjukke. Den dag i dag slår eg opp når eg skal flotte meg med pannekaker. Og i dag er høvet …