All posts tagged: fromasj

Allergivennleg festbord

For dei som er allergiske er alle dei flotte festborda i mai eit trist syn. Ofte er det ikkje teke omsyn til at enkelte ikkje toler mjølk, mjøl eller nøtter. Eg syns det er god skikk å alltid spørje om det er allergikarar blant gjestane mine. Eg er heller ikkje fan av så voldsom merking av allergivennlege produkt på eit festbord, i allfall ikkje i mindre private selskap der vertskapet kjenner alle gjestane. Gje heller allergikarane eit vennleg hint om kva kaker som er lagde med tanke på dei, og så kan alle forsyne seg fritt. Står det ”allergimat” på ei kake så styrer alle andre unna, heilt utan grunn. Kaker som er allergitilpassa smakar ikkje så veldig annleis enn andre, og ingen allergikarar klarer å setje til livs ei heil kake åleine. Som vertinne er det målet mitt at allergikarane skal kunne spise det aller meste av det som er på bordet. Det er enklast både for dei og for meg. Blåbærpai 4,5 dl glutenfri fin mjølmix 3 ss sukker 150 g mjølkefri margarin …