All posts tagged: Frukt og bær

Pasjonsfruktgelé

I helga laga vi ei bryllupskake til eit aldeles strålande brudepar, og der laga eg gelélok av pasjonsfruktpuré til kaka. Dette smakte veldig godt, og inspirerte meg til å lage meir med pasjonsfrukt. Eg fekk besøk av NRK Møre og Romsdal på kjøkkenet i dag tidleg, og då nytta eg høvet til å lage ein gelé av pasjonsfrukt på glas. Å sylte på radio er jo ein av mine spesialitetar. Eg har laga denne geléen på ein tropisk juice med pasjonsfrukt i. Nokre fancy plassar kan du få kjøpt pasjonsfruktpuré i posar, det var det eg brukte i bryllupskaka. Finn du det, så kjøp det, det vil gjere geléen om mogeleg endå meir intens og deilig i smaken. I så fall kan du bruke ein liter pasjonsfruktpuré og 3 dl vatn i staden for juicen. Juster sukkermengda etter smak. Eg kjøpte pasjonsfruktpuré på Sagene torg. I og med at pasjonsfruktgeléen er ei nyoppfinning så veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke den til, men eg ser for meg at den må vere knallgod på …

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir. Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det: Mangokake 250 g mjøl 2 ts bakepulver 150 g smør 200 g sukker 2 egg 2 mangoar (ca. 150 g mangopuré) 1 ts kardemomme Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss) Glasur: 1 ss sitronsaft 300 g melis Vatn til passe tjukk glasur Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt. Pisk …