Meir moro med grøne tomatar
Grøne tomatar kan også syltast, det blir ein slags “pickle”, det klassiske engelske tilbehøret til kjøt, ost eller til ein Guinness. Slik gjer du det: Sylta grøne tomatar 1 kg små, faste tomatar 2 liter vatn 2,5 dl 7% eddik 750 g sukker 8 kryddernellikar Ein stjerneanis eller 1 ts sennepsfrø Kok opp vatnet i ei romsleg gryte. Skyll tomatane, og skjer eit lite kryss i skalet. La tomatane småkoke i eit minutt. Ta dei opp, og legg dei i iskaldt vatn slik at det vert lett å fjerne skalet. La dei renne av medan du har eddik, sukker og krydder i ei gryte. Brukar du stjerneanis får tomatane ein lakrisaktig smak, med sennepsfrø vert smaken litt meir vaksen. Rør til det kokar opp. Legg tomatane i, og la det sydekoke til dei er møre, utan at dei går i oppløysing. Ta dei ut med ei holsleiv, og legg dei i ei skål. La laken koke inn litt, og skum av viss det trengst. Legg tomatane tilbake i laken, og gje det heile eit oppkok. …