All posts tagged: helg

Kyllingwraps med coleslaw og avocado

Innimellom grovbrødskivene må vi ha litt anna mat og. Eg lagar ofte wraps, det er enkel og lettvint mat som er lett å variere. Dei grove variantane er fiberrike og gjev meg godt helsesamvit på toppen. I dag har eg fylt dei med steikt kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ofte på tilbod, og er proteinrik og god mat. Supplert med salatgrønsaker og anna moro vert dette godt både som eit mellommåltid og som matpakke. Slik gjer eg det: Fylt grov wrap med kyllingkjøtdeig 4 grove tortillalefser 8 salatblad, eg brukte hjertesalat 2 tomatar 4 ss italiensk salat eller coleslaw Ein avocado Ein pakke kyllingkjøtdeig ½ ts tørka timian Salt og peppar Smør til steiking Varm opp steikepanna, og ha i smør. Ha i kyllingkjøtdeigen, og steik den gyllen. Dryss på i lita teskei salt og ei klype nykverna peppar medan du delar opp kjøtdeigen i små bitar med ein steikespade. Knus timian mellom fingrane, og dryss over. Hell kjøtdeigen på ein tallerken, og la den kolne. Legg salatblada på tortillalefsa slik at det er ca. 5 cm …

Å ta inn våren

Ved sidan av parkeringsplassen vår står det ein trist liten busk. Den sto eigentleg i mitt bed, men noko av det første eg gjorde då eg byrja å grave der var å flytte denne pjuskete saken på utsida av gården. Den har ikkje fått noko særleg omsut, den er skeiv og rar og brennesle og anna ugras omkransar den. Det er ein forsythia, desse buskene som blomstrar med små gule blomar på bar grein tidleg på våren. No har eg tenkt å gi den litt meir stell. Den har blitt skeiv og rar, uvisst av kva grunn. Kan eg ha planta den skeivt? Eg trur ikkje det, men det kan vere noko stein i grunnen under som bevegar på seg og som gjer at den vert skakk. Det kan også hende at han som måkar snøen vår har vore borti den. For å få den nokolunde rett igjen har eg byrja å beskjære den. Så på den sida som er for stor klipper eg av greiner. Dei tek eg med inn, og set i vatn. …