Fatteh med kikerter
Som eg har nemnt tidlegare, så har eg fått ein forkjærleik for mat frå Midt-austen i det siste. Eg går ut frå at du allereie har testa ut den syriske tacoen eg la ut i forrige veke, og her kjem ein vegetarisk variant. Denne er veldig enkel, men her kan du leike deg med dei grønsakene og belgfruktene du har i huset. Prøv den til dømes med mjuksteikt gyllen løk, squash og aubergine. Eg laga den heilt enkel, og det er også veldig godt og mettande. Det er noko med smaken av tahini og kikerter, den gjer meg berre lykkeleg. Ha ein fin laurdag! Fatteh med kikerter To store libabrød eller fire små pitabrød Olje til pensling viss du vil Tahinidressing: 1 dl tahini 4 dl naturell yoghurt Eit finhakka kvitløksfedd 1 ts sukker Salt, peppar og sitronsaft Ein boks kikerter ½ ts røykt paprika ½ ts vanleg malt paprika ½ ts svart peppar ½ ts salt 1 ss olivenolje Mynte og/eller bladpersille til dryss Pensle brøda med olje, og legg dei på …