Pulled pork – fillegris
Pulled pork er den nye ”fema”, alle skal grille store stykke av gris på indirekte varme. Eg kallar det fillegris, eg likar norske namn på ting. Å steike kjøt sakte og på relativt låg temperatur er ikkje nytt, det fine med det er at du får brukt upopulære stykkingsdelar som bog og nakke, og at det vert smakfullt og saftig viss du gjer det rett. Mange insisterer på å bruke grillen til dette, men det blir for komplisert for meg. Det er eit styr med å fylle på kol, passe på at det ikkje brenn ut, at det ikkje vert for varmt og at det ikkje brenn seg. Ein har langt betre kontroll viss ein gjer det i den kjære steikeomnen. Så no får du ei idiotsikker oppskrift som sikrar deg eit perfekt resultat og ein smaksrik middag som eigentleg lagar seg sjølv. Min variant har blitt gnidd inn med sennep og honning, det gir karamellsmak, ein sterk dijon-sennep gir litt sting og det blir ei deilig sjy i botnen som kan kokast inn og …