All posts tagged: Safting

No blømer hylla!

No blømer hylla over alt, og det er eit vakkert og velduftande syn.  Mange spør om det er svarthyll dei har funne, og kjenner seg usikre på om dei har funne rett tre. Det er eigentleg veldig enkelt: Rundt jonsok er det berre hylla som blømer. Dei andre blømande, ville trea er avblomstra for lenge sidan, spesielt no når det har vore så varmt i veret. Blada er også eit kjennemerke, dei er som på ei rogn, men større. Det andre kjennemerket er at bukettane er flate. Forestill deg at du skal steike ei pannekake med hyllesmak, og heller røre ut i steikepanna. (Dette er faktisk ein dessert du kan få servert i Sverige.) så legg du blomebuketten ned i steikepanna. Viss alle blomane hamnar flatt ned, så er det hyll du har funne.  Svarthyll har medisinske verknader seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Bæra kan du safte til hausten, på same måte som du saftar rips og solbær. Det blir ei vakker, mørkeraud saft som mange meiner vernar mot haustforkjølingar. Blomane …

Sylteboka i nytt opplag!

Samlaget har bestemt seg for å lage eit nytt opplag av sylteboka mi, og no er den ute i butikkane! Det syns eg er veldig stas, spesielt no når NTB kan fastslå at sylting faktisk er trendy. Ikkje berre trendy, men supertrendy! Eg kjenner meg som ein pionér på sylteområdet, faktisk, som kom med boka mi i 2012. Når ferien er over kjem Samlaget og eg tilbake med ein signeringsrunde, der du kan bestille boka hos Samlaget, få den signert av meg, og så tilsendt med fri porto. Boka kostar no 299,-. Blir ikkje det fint?