Fest, Kjøtt, Middag
Leave a Comment

Andebryst med plommesaus og dobbeltbakte poteter

Å kose seg med vener og god mat blir berre viktigare dess mørkare og våtare det vert ute. Vi har invitert til festmiddag, og her er menyen. Eg elskar andebryst, og eg tek det alltid med heim når eg er i utlandet. Sist storejenta var ute og reiste forsto eg at eg har oppdrege henne godt, ho kom heim frå reise med fire andebryst i kofferten. Betre gåve får eg ikkje.

Får du ikkje tak i andebryst kan du lage denne oppskrifta med enten kyllingbryst eller kalkunbryst. Juster steiketida etter kor tjukt kjøtstykket du brukar er. Sausen eg lagar i dag har eg laga i mange år. Eg lærte den av Arne Brimi, og den er veldig enkel, samtidig som den smakar heilt fantastisk. Først for kort tid sidan lærte eg at den (eller iallfall startpunktet på sausen) har eit ”pent” fransk namn, gastrique. Du lagar den ved å smelte sukker i panna, og så koke ut med raudvinseddik, eller viss du vil ha den litt mildare, raudvin. Så let du den koke vidare med litt kraft, slik at den får ein deilig kjøtsmak. Eg supplerer også med sjalottløk og plommer.

Til andebrysta serverer eg dobbeltbakte poteter og bakte grønsaker. Grønsakene kan variere etter kva du har i kjøleskapet, finn i butikken eller hentar i hagen. I dag brukte eg paprika, søtpotet, fenikkel, sjalottløk og purre. Bytt gjerne ut med det du har. Men det er uansett smart å byrje med potetene. Eg brukte mandelpoteter, men her kan du bruke alle poteter med tynt skal. Bak dei først, knus dei, krydre og bak på nytt, enkelt og godt når ein har god tid.

IMG_5970

Dobbeltbakte poteter

To-tre melne poteter per person

Olivenolje

Timian, salt og peppar

Sett steikeovnen på 200 grader. Legg vaska poteter i ei form, og bak dei i ein snau time, alt etter storleik. Ta dei ut og legg dei på eit olja steikebrett. Trykk dei nesten flate med ein potetstappar eller liknande. Ringle over litt god olivenolje, og dryss på salt, peppar og litt timian. Bak potetene i 20 minutt på 200 grader til dei er sprø og gylne. Potetene serverer eg med ein klatt avokadoaioli, som eg lagar superenkelt slik:

Avokadoaioli

Ein avokado

1 dl majones

3 fedd kvitløk

Sitronsaft, salt og peppar

Ha avokado, majones og kvitløk i ein blender. Køyr det glatt. Smak til med sitronsaft, salt og peppar. Er den for skarp, så rund av med litt honning. IMG_5978

Bakte grønsaker

Ein purre

To søtpoteter

Fire paprika

Ein pose sjalottløk (minus den du treng til sausen)

Ein stor fenikkel

Søt chilisaus

Olje, salt, peppar

Rens grønsakene, og del dei i passe store bitar. Ha dei i ein romsleg bolle, og ringle over olivenolje, salt, peppar og 3-4 ss søt chilisaus. Vend grønsakene i dette, og ha dei over i ei eldfast form. La dei bake på 200 grader i ca. ein time. IMG_5967

Andebryst

Ca. 150 g andebryst per person

2 ss olje

Snitt skinnsida på andebrysta på skrå ned til (men ikkje i gjennom) kjøtet med ein sylkvass kniv. Den enkle måten å gjere dette på er å legge dei oppå ein asjett, då kjem du til med kniven samtidig som du har betre kontroll på kor djupt du kuttar. Salte og pepre andebrysta godt. La dei ligge litt.

Varm opp oljen i ei romsleg steikepanne på høg varme. Legg i andebrysta, og la dei steike på høg varme til skinnet er sprøtt og lysebrunt. Ta ut brysta og legg dei til side, gjerne over i eit eldfast fat.

Hell av feittet som er i steikepanna, men ikkje vask panna, berre tørk av kanten der du har helt av slik at det ikkje kjem feitt på kokeplata. IMG_5982

Plommesaus til and

2-3 ss sukker

3 dl raudvin

3 dl kraft eller utspedd fond

Ein finhakka sjalottlauk

To store utsteina plommer, skorne i terningar

Salt og peppar

Smelt sukkeret i steikepanna som du steikte andebrysta i. Når det er blitt lysebrunt dreg du steikepanna til side og slår ned temperaturen på plata. Slå på vinen, og la det koke medan du rører godt slik at sukkeret har smelta heilt i vinen. Ha steikepanna på plata igjen, og slå på kraft. Ha i løken, og la det heile koke i ti-femten minutt. Smak på sausen, og tilsett salt og peppar til den er balansert og god. Ha sausen over i ei lita gryte, og ha i 2 ss av andefeittet. Køyr den glatt med stavmiksar. Ha i plommene, og la den koke fem minutt til, slik at plommene er møre. Smak til på nytt med salt og peppar.

La andebrysta stå i ovnen saman med grønsakene dei siste femten-tjue minutta, gjerne med eit steiketermometer i. Ta andebrysta ut når kjernetemperaturen er ca. 58 grader.

La dei kvile på benken i ca. ti minutt før du skjer dei i fine skiver, og serverer dei med bakte grønsaker, dobbeltbakte poteter og plommesaus.

Leave a Reply