Month: juli 2015

Heimelaga sylteagurkar

Eg har sylta små agurkar heilt sidan studietida på hybel. Vi budde nær ein fin grønsakshandlar som fekk inn det meste, og då var vegen kort til å lage desse fine agurkane. Akkurat no og ein månad framover er dei i sesong, så då er det berre å kaste seg rundt. Dersom du ikkje finn små agurkar i butikken, så be butikksjefen ta det inn. Det er utruleg enkelt å lage sylteagurkar, og det er ei eiga godkjensle ved å servere dei heimelaga. Sylteagurkar passar til roastbeef, leverpostei og andre patéar. 2 kg agurkar 2 liter vatn 200 g salt Kok opp vatnet med salt. La det kolne. Prikk skalet på agurkane med ein spiss gaffel slik at saltlaken lettare trenger inn og gjev smak, og legg dei i laken i ei gryte. Legg ein tallerken oppå, slik at agurkane er under vatn. La dette stå over natta. Eddiklake: 6 dl 7% eddik 8 dl vatn 400 g sukker 4 ts salt 6-8 dillkroner 2 ss sennepsfrø 1 ss heil kvit pepar Kok opp alt …

Den siste rababraen

I dag var eg ute og henta den siste rarbarbraen eg syns eg med godt samvit kan ete. Det er alltid vemodig, det er eit teikn på at forsommaren definitivt er over, og vi går inn i høgsommaren, som er så alt for kort. Rabarbraen er rik på oksalsyre, eit stoff som gjer at det kan bygge seg opp nyrestein i kroppen, og det vil ein jo helst ikkje ha. Eg har hatt det, og det er ekstremt smertefullt. Det einaste artige ved det var at både eg og bror min vart lagt inn på sjukehus same dag. Begge bedyra vi at ingen andre i familien hadde nyrestein, der vi låg og ynka oss kvar for seg. Oksalsyra aukar i mengde i rabarbraen etter kvart som sommaren vert varmare og vakrare, så etter jonsok sånn omtrent skal ein ikkje ete så mykje rabarbra. Så eg gjekk og henta inn det som var att på min. Det kokte eg eit aldeles deilig syltetøy av, som du også skal få oppskrifta på i dag. Desserten i dag …

Bulghursalat med saltsylta sitronar

I dag har eg laga ein bulgursalat. Den er laga med bakte grønsaker, og ein ganske intens og smakfull krydring som gjer at dette vert eit tilbehør utanom det vanlege. Ulempa er at du teknisk sett ikkje kan lage dette før om ein månad. Det er nemleg så lang tid det tek å lage saltsylta sitronar, som er ein viktig ingrediens i denne retten. Til gjengjeld har du saltsylta sitronar i årevis når du først lagar det, så eg kan ikkje anna enn å tilrå at du tek deg på tak og lagar eit stort glas fullt. Då har du ein aldeles magisk ingrediens i hus som løftar dei fleste middagsrettar til høgder du ikkje visste fantest. Saltsylta sitronar er eit marokkansk fenomen. I Marokko er det standard tilbehør i ein klassisk tagine, denne gryta med geitekjøt og grønsaker som vert bakt i eit stort leirfat med pipe på som vert plassert på eit bål. Men eg brukar saltsylta sitronar i salatar, i dressingar, gryterettar og som her, i ein bulgursalat. Bortsett frå dei saltsylta sitronane …