Lykke, Musikk
Comments 2

Children of Sanchez

Sommaren 1981 var eg på ein sommarleir der vi sov i telt på ei diger fotballbane. For at vi skulle vakne spelte dei musikk i høgtalarane rundt bana om morgonen. Noko av det dei spelte var Chuck Mangione sin filmmusikk frå filmen Children of Sanchez. Denne musikken løfta meg, og gjekk rett inn i sjela. 

Chuck Mangione fekk oppdraget med å lage filmmusikken etter at ein annan komponist hadde bakka ut like før deadline. Det hasta. Han tok med seg ein gjeng gode musikarar og sangarar, og dro til ein ranch som også hadde studio, og filmmusikken vart komponert og spelt inn i løpet av ei helg. Utpå hausten skulle eg til Oslo, og fann plata med filmmusikken på mitt første besøk hos Norsk Musikforlag.

Eg tok toget heim, og sat der med plata i fanget. Dette var før iPodens tid, til og med før det fantest SONY Walkman (iallfall i mitt liv), og å høyre på denne fantastiske musikken måtte pent vente til eg kom heim, 12 timar seinare. Dette ber plata preg av. Eg brukte dei timane på toget til å dekorere den, skrive namnet mitt overalt og memorere tekstane.  

I 1986, etter at eg hadde budd i Oslo i eitt år, var eg heime ein tur, og han eg då var saman med fekk drege meg med på ein konsert på Hareid stadion med Gardemusikken. Avsluttingsnummeret deira var dette stykket. Hareid stadion på den tida var utan sete, det var berre grøne grasvollar rundt bana. Det sto vi, medan Garden marsjerte i formasjon og spelte Children of Sanchez. Trombonistane nærast heiv horna sine opp i lufta når dei snudde inni korpset, og der var så mange slagverkarar at det hjalla i heile Hareidsdalen. Stort!

This entry was posted in: Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Fantastisk. Eg har og flygelhorn, men det let ikkje heilt slik. Skal tru om det er noko gale med det ? 😉

    • Du får gå tilbake der du kjøpte det, og reklamere. Det skal låte slik, har eg høyrt. 😀

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply