Duft
Comments 2

Pure white linen og søstrene hennar

w-white-linen-22White linen er ein av dei klassiske duftene til Estée Lauder. Den kom i 1978, og er ein floral aldehydduft. Og aldehyd har vi no lært er lukta du kjenner av løysemiddel i eit billakkeringsverksted.

For meg vart denne for skarp. Ei venninne av meg brukte den, og eg likte den veldig godt på henne, men på meg så slo nelliknoten (blomen, ikkje nellikspiker) for sterkt igjennom, og saman med aldehydane vart den nesten metallisk skarp.  Det kom ein flanker av White linen i 1996, White linen Breeze, som hadde lik flaske som White linen. Den har eg ikkje lukta på, og den er heller ikkje å få tak i i Norge, så vidt eg har klart å finne ut. 

pure-white-linen2Pure white linen kom i 2006, som ein flanker av White linen. For meg har desse to duftene så og seie ingenting med kvarandre å gjere. Denne kunne like gjerne ha fått eit eige namn, så ulike er dei, etter mitt syn.

Men eg forstår parallellen til kvitt, soltørka, nystrøke sengetøy med eit hint av tøymjuknar. Pure white linen luktar reint, friskt og tiltalande. Den er komplekst komponert, og ingredienslista er lengre enn på nokon annan parfyme eg har sett, men ingen av notane overdøyver dei andre. Den er godt balansert.

Det første sniffet ga meg assosiasjonar til løvetann, den litt bitre safta som kjem ut når du delar ein løvetannstilk i to. Men blomane kjem fram og rundar av det bitre, og du endar opp med ei lett duft med preg av kvite blomar som ligg nær inntil deg. Denne er ikkje som Beautiful, der du føler at du går rundt med ei (deilig) floral sky rundt deg.

light-breezeWhite linen Light Breeze (2008) har nokre meir søtlege element, som appelsin og cumquat i toppnotane. Men den gjev likevel ikkje eit søtleg inntrykk. Faktisk opplever eg Light Breeze som meir mineralsk enn Pure, skyllemiddelpreget er borte.

Den minner meg sterkt om spolane med nyspunnen linrenning som mor mi hadde til når ho vevde. Når den tørkar inn er den varmare, med honning og edeltre i botnen, og eg likar denne betre enn Pure mot slutten.

img_50241Den siste flankeren som har kome av White Linen er Pink Coral, som er i butikkane no. Den er så ny at notane ikkje har blitt offentleggjort, men her er det definitivt meir fruktige notar enn i dei to over. Eg luktar raude bær, kirsebær og jasmin, og den tørkar inn med edeltre og vanilje i botnen.

Dette er ei ung duft, lettlikt og rosa i si sjel. Men den har likevel noko ved seg, den er ikkje for søt, og den er i ein heilt annan divisjon enn den lange køen av fruity florals som brukar å kome no fram mot sommaren. Treng eg nemne Escada? Den er ei perfekt gåve til ei ung jente, alle vil like den og den har eit anstrøk av klasse over seg. Eg likar den veldig godt, men betre på datra mi enn på meg sjølv.

Desse tre duftene er lette, og det inneber også at dei har begrensa levetid på huda. Eg har god erfaring med å spraye på parfymen, la den tørke, og så ta på ein spray til ti-femten minutt etterpå. Det gir dufta meir hald, og gjer at eg kan kose meg med den lenger enn berre med ein spray. Det er synd å bruke pengar på parfyme som luktar godt, men er så efemær at den er borte ein halvtime etterpå.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hm.White linen er en av de jeg gav fra meg i åttitallsrykket mitt. Husker den ikke så godt, men jeg husker at jeg likte den, og tenkte at jeg var litt for ung for den.
    Aldehyder. Interessante greier. Jeg merker at det er dufter med aldehyder som vokser mest på meg, for å gi en dårlig oversettelse av et engelsk uttrykk. Jeg kjenner at jeg blir litt grådig og lykkelig, og vil ha mer 😀

  2. sol says

    litt på sida:
    Dr. Vranjes og et fransk obskurt merke eg ikkje har sett før, og som er derfor ikkje huskar namnet på i farta, såg eg inne på ein klesbutikk i Trondheim i går. Også møbeldesignbutikkar har begynt å ta inn spesielle parfymemerker, så heldigvis, det ser ut til å bli større mangfold i utvalget.
    Var på Lush i går, og alle i familien, minus 14-åringen min som blei overvelda av den metta lufta inne i butikken, kjøpte oss såper. Mye godt, men innholdet av eteriske oljer i lokalet var vel høgt! (mildt sagt).
    Gler meg til å lese grundig siste utforskinga di seinare i dag, Estee Lauder-parfymene tilhøyrer dei eg ikkje har «sett».

Leave a Reply to solCancel reply