Grønt, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 4

Det vesle attåt


Kva skal vi ha til? Det er spørsmålet eg får når eg seier vi skal ha laks, kylling eller biff til middag.

Og er det ikkje der utfordringa ligg? Å finne gode, varierte tilbehør som til og med er sunne, viss du er heldig? Helseguruane seier vi skal ha mindre poteter, pasta og ris, og då må vi ha fleire gode tilbehør, elles vert middagane trist. Så i dag får du to gode, enkle tilbehørsoppskrifter av meg.

Kan nokon finne eit godt nynorsk ord til meg, forresten? På svensk har eg funne ordet ”tiltugg”, men det vert brukt om fingermat som vert servert til drinkar. Men kanskje tiltygg er det nye nynorske ordet for tilbehør? Amerikanarane kallar det ”side dish”, og det likar eg, ofte serverer eg tilbehøret på ein liten asjett ved sidan av. Ungane mine et meir salat viss eg lagar den i ei skål spesielt til kvar enkelt av dei. Då kan dei som ikkje likar tomat eller rå løk sleppe det, og få meir av det dei likar.

Til sommaren og utover hausten når vi har ubegrensa med gode og ferske grønsaker er det lett å kome med forslag til det vesle attåt. No på vinteren må vi vere kreative, og bruke kjende, daglegdagse råvarer på nye og spennande måtar.

Eg har lagd noko så enkelt som rivne gulrøter. Det åt vi alltid til steikt sei eller kokt torsk då vi var små, men med ein ny vri kan gulrøtene bli spennande og meir tiltalande. Har du slitne, spirande gulrøter som har lege i kjøleskapet ei stund, så bruk dei i ei suppegryte, eller viss du får det over deg at du skal koke kraft. Til denne gulrotvarianten skal du bruke fine, friske gulrøter som ikkje har lege for lenge verken i butikken eller i grønsakskuffa di. Eg blandar gulrøtene med finhakka ruccola, det gir ein spennande pepparaktig smak. I staden for sitronsaft med sukker i serverer eg den med ein lett vinaigrette med sennep og honning.

rive

Slik gjer du det:

 Gulrotsalat

Fire gulrøter

Ein neve ruccolasalat

2 ts sennep (velg sennep etter kor sterk du likar dressingen)

1 eggeplomme

2 ss kvit eddik, eplecider, kvitvin eller liknande

2 ts honning

Salt og peppar

2 dl jomfruolivenolje

Skrell og riv gulrøtene slik du likar dei, eg likar dei ganske finrevne til denne retten. Skyll og tørk ruccolaen, og hakk den passe fint. Bland dette saman, gjerne i porsjonsskåler.

Ha eggeplomme, sennep, eddik og honning i ein bolle. Pisk det saman. Spe i oljen drope for drope, og pisk til oljen er absorbert før du har i meir. Hald fram til du har piska inn all oljen. Smak til med salt og peppar.

Ringle dressingen over gulrotsalaten, og server. Dressingen held seg i opptil ei veke i tett glas i kjøleskapet.

gulrotsalat

Det andre tiltygget du får oppskrift på i dag er ein deilig bønnesalat. Du har sikkert merka at eg er glad i belgfrukter, dei har substans og smak, og mettar. Eg har eksperimentert med å bruke boksbønner, tørka og rå bønner, og eg må berre innrømme at det finst ei klar rangering når eg vurderer smaken. Rå bønner er overlegent best, men dei er vanskelege å få tak i, særleg på vinteren. Finn du dei så kjøp dei, kok dei i lettsalta vatn og ha dei i salaten.

Viss du ikkje finn rå bønner må du ty til alternativ nr. 2, nemleg bløytte og kokte bønner. Mange butikkar byrjar å få bra utval i belgfrukter, og sidan tørka bønner, linser og erter held seg lenge er det berre å hamstre når du finn dei. Eg finn mest spennande belgfrukter i butikkar drivne av våre nye landsmenn, så har du ein av dei i nærleiken så stikk innom og sjå kva dei kan by på.

Boksebønner er ferdig bløytte og kokte før dei er hermetisert på glas eller boks. Dei er OK, men i ein salat syns eg det blir litt trist smak. I gryter derimot, er dei hjartans tilstades med god smak og konsistens. Hos meg er det imidlertid tredjerangs bønner, gå for dei ferske eller dei tørre viss du har sjansen.

Bønnesalaten min i dag kan varierast i det uendelege. Eg fann grøne favabønner, og dei smakar fantastisk. Du finn dei kjempestore om sommaren viss du er heldig (enkelte har gitt dei det lite flatterande namnet hestebønner), og dei er lette å dyrke i hagen. Mine var nette og små, og gjorde seg veldig godt i salaten min. Finn du ikkje favabønner, så bruk det du måtte finne. Du kan også lage denne salaten med linser, kikerter eller med ferske bønner.

 bc3b8nnesalat

Eg fann salatskudd i pose i min nærbutikk, og det var ei fin blanding av småsalat, spinat og basilikumspirar. Finn du ikkje denne blandinga hos deg, så bruk halvparten ruccola og halvparten anna, grøn salat som du riv i passe store bitar. Slik gjer du det:

Bønnesalat

3 dl tørre bønner

8 dl vatn

Legg bønnene i vatn dagen før, eller tidleg om morgonen. Kok dei etter minst 12 timar i bløyt. Mine favabønner var møre og fine etter ein time koking, men det vil variere etter kva type bønner du har funne. Sjå informasjon om koketid på pakken.

To nevar salat, gjerne frå pose

Ein halv, raud paprika

50 g korintar

Ein sjalottlauk

Kokte, kolna bønner

Ein porsjon vinaigrettedressing (sjå forrige oppskrift)

Legg korintane i bløyt i kokande vatn, gjerne med litt buljong i. Finhakk paprika og løk. Slå vatnet av korintane, og la dei kolne. Vend saman det heile, og ringle med vinaigrette. Server til kjøt, fisk, vegetarrettar eller som ein eigen salat til ein lett lunch. Salaten vert meir mettande viss du har i litt smuldra fetaost eller jarlsberg i terningar.

4 Comments

  1. Bønnesalaten hørtes god ut 🙂

    Hva er funksjonen til egget i dressingen, sånn i hva jeg kan bytte det ut med? Kan jeg bytte ut honningen med sukker, eller er det like greit å glemme dressingen da?

    Likar

  2. Heidi: Egget har som funksjon å emulgere dressingen, altså få væska i eddiken og feittet i oljen til å blande seg til ein jamn masse, som med majones. Du kan godt droppe egget, køyre dressingen med stavmiksar eller liknande og la honningen gjere jobben åleine. Dressingen blir ikkje like stabil (altså at den ikkje skiljer seg) som med egg, men like god.

    Byttar du ut honningen med sukker får du ein litt meir eindimensjonell smak, men heilt grei, og du får ikkje den svakt emulgerande effekten som honningen har. Dressingen vil altså skilje seg rett etter at du har blanda den, men den vil smake heilt fint. Uff, dette vart veldig matteknisk, men eg vonar du forstår kva eg meiner.

    Likar

  3. Arild says

    Veldig fine oppskrifter! Selv har jeg ikke sett en fersk bønne siden jeg var i Italia, og det begynner å bli en stund siden. Der lå de renset og utstilt i de mest fantastiske fargekombinasjoner og marmoreringer.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s