Vel, eg trengte ikkje trøst i dag, men av ein eller annan grunn var mac’n cheese det einaste eg hadde lyst på då eg kom heim. Og når tiåringen er heilt enig er det berre å gå i gang. Eg brukar mac’n cheese som eit tilbehør, i staden for poteter eller ris.
Vi hadde det ganske enkelt til steikte fiskekaker, dei vaksne (i dag inkludert trettenåringen) fekk ein deilig, grøn ertepuré til, den yngste fekk rå sukkererter. Når det gjeld måla i denne oppskrifta og resultatet på bilda må du gjere som eg seier og ikkje som eg gjorde. Eg lagde nemleg dobbel oppskrift, så vi har mac’n cheese til i morgon og. Slik gjorde vi det:
Mac’n cheese
3 dl makaroni
3 ss smør
2 ss mjøl
1/2 liter mjølk
salt og peppar
1 ts sitronsaft
2 ts sennep, gjerne dijon
riven muskat
Strøkavring
150 g riven ost, eg brukte halvparten av ein pizzaostpakke, den med fire sortar ost.
Sett omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør inn mjølet. La det frese litt før du slår på mjølka. Rør flittig til det tjuknar og byrjar koke. La sausen koke i 5-10 minutt. Smak til med salt, peppar, muskat, sennep og sitronsaft. Sett sausen til side.
Kok opp ein liter vatn, og salt det godt. Ha i makaronien, og la den koke til den er knapt mør. La den renne av i eit såld. Vend den inn i sausen saman med osten.
Ha blandinga i ei eldfast form med høge kantar, eller fordel den i småformer. Strø på strøkavring eller griljermjøl viss du har. Steik den på 200 grader i 18-20 minutt.
Ertepuré
250 g frosne erter
1 ss rømme eller kesam
1 ss smør
Kok ertene i salta vatn, litt saltare enn du trur. Dei skal berre koke i eitt par minutt.
La dei renne av, og ha dei i ein liten bolle. Ha i rømme og smør. Smak eventuelt til med salt og peppar. Køyr det glatt med stavmiksar.
Lett? Barneskirenn!
Eg er veldig glad i ertestuing, og den ertepuréen ser minst like god ut! 🙂
Her i heimen får steikte fiskekaker ofte følge av pasta med pesto, og ein god salat.
Dette skal prøves til grove fiskekaker:-) Oppskriftene er printa ut og satt i perm.
Tror du må lage en kokebok med alle de flotte oppskriftene du legger ut her:-)
Dette såg godt ut!! Må jammen prøve å lage det ein dag:)
åh. mac&cheese er så bra skikkeleg trøstemat, eller slappfilmkveld med jentene! og di oppskrift så skikkeleg god ut, skal teste ho ut, smil!