Allergi, Billig mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Comments 11

Påskesnop


På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Sjokolade er det klassiske påskesnopet, og eg har laga ein heimelaga sjokoladekonfekt som faktisk er ganske sunn.

Den er ikkje for feit, ikkje for søt, men ein nydeleg liten godbit til kaffien eller som dessert. Feittstoffet er kesam, eg brukar vanleg 10 %. Du kan også bruke rømme eller creme fraiche. Slik gjer du det:

snopPåskesnop

3 dl havregryn
3 ss kakao
¼ ts kanel
Ei klype salt
1 ts vaniljesukker
200 g kesam
5 ss honning
Kokos

Bland kesam og honning. Rør i hop det turre, og bland det med kesamblandinga. Sett deigen kaldt ei times tid. Rull deigen til bollar, og vend dei i kokos. Eg la mine bollar i minimuffinsformer, men det er ikkje naudsynt. Som variasjon kan du prøve å ha i litt rive appelsinskal av ein appelsin du har vaska grundig. Det gjer snopet endå meir «påskete».

11 Comments

  1. 😀 Strålande, Solfrid! Du er jammen kjapp i vendinga! Fordelen med denne oppskrifta er at ein har det meste i skapet frå før, ein slepp å dra på handletur for å lage desse.

    Likar

  2. Jøsses, så enkelt at selv «sister» kan lage det! Og flott bilde da!
    Herlig, men den kesamen mangler jeg da så må vente til over påske men appelsiner har man da flusst av ;0)

    Kos deg videre, her har jeg klatret opp fjell idag så dagen imorra skal tibringes her hjemme. Endelig og hallelujah 😉

    Likar

  3. Nam, nam for en herlig blogg du har! Nå legger jeg deg inn i google reader så jeg aldri mister deg igjen!

    Likar

  4. Dette såg både sunt og godt ut! Og ikkje minst er det perfekt for alle oss som ikkje toler kveitemjøl:-)

    Likar

  5. Ragnhild: Så bra! Det hadde eg ikkje tenkt på. Då skal eg krysse av allergimat i kategoriane for denne oppskrifta.

    Likar

  6. Ingrid says

    Beklager, dette var ikke godt i det hele tatt, prøvde oppskriften, men falt ikke i smak. Alt for syrlig med kesam, liker nok best originalen med smør.

    Likar

  7. Smaken er som baken, den er delt. Eg likte den litt lette, syrlege karakteren, ikkje tung og feit. Men det blir ikkje feil å lage den med smør heller… 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s