Billig mat, Mat, Middag
Comments 4

Meir dansk mat

Vi held oss til dei lokale matrettane, sjølv om overgangen ikkje er så stor frå Norge til Danmark.

I går sto det fisk på menyen, og fiskebutikken vi var innom onsdag hadde stort utval. Vi tok med oss heim eit fint stykke blåkveite (eller hellefisk som danskane kallar det), det må ha vore ein blåkveitebaby.

Fileten panerte eg på dansk vis, og serverte med remulade og rivne og kokte gulrøtter. (nokre vil ha det eine, og nokre vil ha det andre, et dei gulrøtter gjer eg gjerne ein ekstrainnsats.) Vi var åtte til bords, men 1,2 kg fisk vart nok.

Denne oppskrifta er ganske nøyaktig steg for steg. For dokke som er drevne på kjøkkenet blir nok dette for detaljert. Men panering av fisk skal også lærast ein gong, så denne oppskrifta er til ære for nybyrjarane blant lesarane, pluss dei som var til tannlegen den dagen dokke hadde om panering på skulekjøkkenet. Slik gjer du det:

Panert fisk

cimg07591,2 kg kvit fisk

3 egg

5 ss mjøl

1 ss urtesalt

1/2 ts kverna peppar

3 dl griljermjøl

Masse smør

Smelt smøret i ei romsleg steikepanne. Skjer filetane i passe serveringsstykke, og fjern eventuelle bein.

Ta fram tre halvdjupe tallerknar. Ha mjøl og urtesalt i den eine, som står lengst bort frå steikepanna. Ha tre egg i den neste, og pisk egga med ein gaffel. Ha griljermjøl i den tredje, som står nærast steikepanna.

Sett steikeomnen på 150 grader, og ta fram ei eldfast form. Smelt smøret i steikepanna, og sett plata på 2/3 av full kapasitet. Vend filetane først i mjøl, så i egg og så i griljermjøl. Steik dei i smøret til dei er pent brune på begge sider. Legg dei i den eldfaste forma etter kvart som dei er ferdige.

Sett forma i omnen og la dei kvile der medan du gjer alt det andre klart. Server med remulade og ein sitronbåt viss du har.

 

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Det der skal vi prøve straks vi kommer hjem og butikkene har åpnet igjen:-), Ha en fortsatt super påske! Anne-Lise

  2. Et lite tips når man skal bruke egg for å pensle noe, dyppe noe i, osv: Tilsett litt salt. Da blander plommen og hvitten seg bedre, og det blir litt enklere å ha med å gjøre.

  3. PS. Et lite spørsmål: Vet du hvor blåkveiten kom fra? Kan det ha vært norsk oppdrettskveite (og altså ikke så dansk likevel)?

  4. Eg fekk dessverre ikkje avklart proveniensen på den kvite fisken. Men norske oppdrettarar ville vel ha lete fisken vekse litt meir før dei fiska den ut av mærene? Denne var ikkje større enn ein middels sei. Takk for tipset om salt i egget, det skal eg prøve.

Leave a Reply