-do as the danes? I går gjorde vi det, med ein ekte, dansk grisemiddag. Gjestane som kjem i dag toler ikkje så godt gris av medisinske årsaker, så difor måtte vi nytte høvet og ete det før dei kom.
I butikken fann vi ein heil, fersk hamburgerrygg, ca. 800 g. Den fekk selskap av ein saus som vart eit kompromiss mellom dei som ville ha sennepssaus og dei som ikkje ville ha det, og grønsaker og nypoteter frå EU. Slik gjorde eg det:
Dampa hamburgerrygg
200 g fersk (rå) hamburgerrygg per person
5 dl vatn
Legg hamburgerryggen i ei gryte du har tett lok til, og sett det på plata på middels varme. Slå på vatnet, og la kjøtet dampe til det er gjennomkokt, her tok det ca. 45 minutt. Større stykke krev lengre dampetid. Hamburgerrygg (og alt anna røykt svinekjøt) er så salt at det må dampast i reint vatn. Vatnet vert god kraft etterpå.
Sennepssaus light
3 ss smør
2 ss kveitemjøl
1 liter mjølk
ein neve hakka graslauk
ei spiseskei sterk, finmalt sennep
ei teskei honning
salt og peppar
Smelt smøret i ei gryte på middels varme. Rør i mjølet, til blandinga er glatt. Slå på mjølk, og la det koke opp medan du rører. La sausen koke på middels til låg varme til mjølsmaken er borte, ca. 5 minutt. Smak til med sennep, honning, salt og peppar, og ha i graslauken til slutt.
Server med kokte nypoteter, sukkererter og reddikar. Kombinasjonen av dei sprø ertene og reddikane og den milde sausen og det røykte kjøtet er perfekt. Mmmm!