Fest, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 8

Den verkeleg store festen – party til 100

Camilla kom med ei utfordring til meg: Kva skal ein servere på fest til 100? Eg er ikkje vond å be, så her kjem mitt menyforslag.

Eg foreslår to salatar, ein gresk og ein libanesisk taboluleh, tre hovudrettar; laks med pesto, svinekam og kjøttbollar i tomatsaus, samt fruktsalat med ostekrem til dessert og ei kake til slutt. (Kake kan du enkelt be andre om å lage. Gje dei gjerne konkrete ønske og volum.)

Litt om innkjøp først: Når ein lagar mat til 100 lønner det seg å kjenne nokon som har tilgang til engros-handel. I Oslo-området og mange andre plassar finst det storcash-butikkar, der ein må ha kort for å handle. Eg har kort der gjennom skulekorpset eg er med å administrere, og det skal ikkje mykje til for å få eit slikt kort. Alle som driv kaféar, restaurantar og kioskar får det, og alle frivillige organisasjonar får det, berre dei har eit organisasjonsnummer.

Ikkje alt løner seg å kjøpe der. Nøkkelen til gode innkjøp er å vite kva ting SKAL koste. Vi blir lurt oftare enn ein trur, men i små volum gjer det ikkje så mykje. Skal du handle til 100 er det snakk om så store volum at å sjekke prisen er avgjerande. Kjøt er til dømes ofte på tilbod på maxi, centra eller hos din lokale slaktar, langt billigare enn i desse engrosbutikkane.

Sjekk prisar i vekene før festen, følg med i annonser og sjå kva som er billig. Finn du kyllingkjøtbollar på tilbod tre veker før, og dei går ut på dato to dagar før festen, så kjøp dei, og legg dei på frys. Det same gjeld svinekammen og laksen. Philadeplhiaost til ostekremen får du i 0,5 kg-boksar på engros, det er også mogeleg at dei kan bestille til deg. Det er lettare å lage ostekrem med fem store boksar enn 13 små.

Gresk salat til 100:

20 liter ferdigkutta salat (engros)

3,5 kg fetaost i terningar

3 kg oliven, helst svarte utan stein

10 kg tomatar

2 liter hakka raudløk

Dressing av 1,5 liter olivenolje, 5 – 7 dl sitronsaft, 7 dl finhakka løk, 3 ss salt, 1 strøken ss peppar, 3 ss tørka basilikum og 3 ss hakka eller most kvitløk. Køyr alt unntatt basilikumen glatt med stavmiksar. Ha i basilikumen til slutt, og la stå over natta.

Serveringsdagen: Fordel salaten på store fat. Skjer tomatane i skiver og fordel dei over salaten. Dryss over fetaost i terningar, oliven og raud løk. Ringle over dressing rett før servering.

Tabouleh:

2 liter grov bulghur

5 l vatn

1 liter hakka persille

5 dl hakka mynte

1,5 l hakka vårløk, gressløk eller purre, gjerne blanda

3 paprika

30 g peppar

100 g salt

6 dl olje

3 dl sitronsaft

Ha gryna i eit lågt, vidt kar, t.d. ei gryte eller ein balje. Bland inn salt og peppar. Kok opp vatnet, og slå det over saman med halvparten av sitronsafta og halvparten av oljen. Bland godt, legg på lok og la det stå ein halvtime. Rør gryna lause, og smak om dei er møre, og om det trengst meir sitronsaft, salt og peppar.  Rett før servering blandar du saman det som er att av sitronsaft og olje, og slår det over. Vend inn urtene, løken og paprikaen. Du kan også vende inn 2-3 beger vaska ruccola.

Kjøtbollar:

10 kg kjøtbollar

10 First price pastasausglas

5 ss sukker

Peppar og salt

Rør ut pastasausglasa i ei stor gryte, og la sausen koke opp. Smak til med sukker, peppar og salt, evnt. meir urter som timian el.l. viss du syns det manglar. Ha kjøtbollane i djupe langpanner, og slå sausen over. La kjøtbollane stå på 180 grader i ein halvtime, då er dei gjennomvarme.

Svinekam:

Kjøp utbeina svinekam, når du skal ha så mykje kan det lønne seg å gå til ein slaktar litt på førehand og be om ein pris, og om at han beinar den ut for deg. Prisen bør ligge rundt 80-100,- per kilo.

12 kg fersk svinekam

12 store glas med sursøt saus

Damp svinekammane under folie, gjerne i salta vatn blanda med vin, i langpanne til kjernetemperaturen er 75 grader. Dette kan du gjere dagen før. Same dag Skjer du svinekammen i tynne skiver. Så varmar du opp sausen, heller den ut på serveringsfata og legg kjøtet i.

Pestobakt laks:

10 kg laksefilet, bein- og skinnfri (Eldorado har frosne 4×125 g filetar, bruk gjerne dei.)

2 kg pesto

5 dl olivenolje

Salt og peppar

Dekk langpanner med bakepapir. Smør på olivenolje, dryss i salt og legg filetane i. Dryss salt og peppar oppå filetane og. Legg på ei raus spiseskei pesto på kvar filet, og smør den utover. Bak fisken på 200 grader i  15 minutt.

Desserten kan du lage tidlegare på dagen, men ikkje dagen før. Laken kan du lage dagen før, og oppbevare i kjøleskap. Eg skrellar ikkje epla og pærene, men vaskar dei godt. Finn eple med fin raud farge, så blir det liv i fruktsalaten. Fjern kjernen med eit melonkulejern.

40 delte eple med kjernen fjerna

40 delte pærer med kjernen fjerna

3 kg små. blå druer

2 liter appelsinjuice

3 dl sitronsaft

1 liter eplejuice

Krydder, sjå nedanfor

Kok opp juicane med 4 stjerneanis, 20 nellikspiker, 10 kardemommekapslar og 10 bitar kanelbork. La dette kolne, og sil frå krydderet. Ta vare på krydderet, det er «pynt» i bollen. Hakk all frukta i passe store bitar, og legg den oppi laken fortløpande. Server med ostekrem.

Ostekrem:

2,5 kg Philadelphiaost

2 kg melis

2 dl sitronsaft

3 toppa ss ekte vaniljesukker

Evnt. litt mjølk viss kremen vert for stiv

Pisk alt saman med handmiksar eller i ein Kenwood. Dette kan gjerast tidleg om morgonen same dag som det skal serverast. Rør det opp på nytt like før servering.

I tillegg kan du kjøpe inn 8 brød (700-800 g), og 1 kg smør. Ja, det ser lite ut, men du skal sjå det blir nok. Kaker ber du som sagt andre bake, du kan t.d. be om seks langpanner, det er meir enn nok. søk her i bloggen på langpanne, så får du masse treff.

Du må ha med deg tre dugande arbeidsfolk i komitéen, for det er ein del kutting og rensing her. Men dette skal vere gjort på ein dag, pluss ein dag til innkjøp og planlegging. Sjekk ut allergiar og intoleransar. blant gjestane dine. Denne menyen er ganske safe, skal du supplere med noko måtte det vere ei mjølkefri kake (Sjekk ut den med kokte appelsinar) og ein skikkeleg vegetarrett. Lykke til!

8 Comments

  1. Så gode forslag! Supert at du både angir hvor mye man trenger og hva det skal koste. Det er kjipt å ha for lite mat men det er jammen ikke lett hvis man har dobbelt så mye som man trenger til 100 heller…

    Sist jeg var i 50-årslag lagde vi maten selv og det var mye kutting og rensing som du sier, men det var en veldig hyggelig aktivitet å gjøre i lag med familien (hvis man har stort nok kjøkken 🙂 En ting som slo veldig godt an på middagen var store mengder med hjemmebakt brød og 3 typer hjemmelaget saus: rødløk/tomat-salsa, pesto og aioli.

  2. Camilla says

    Takk for godt og utfyllande svar. 🙂 Huff, blir litt skremt av dei store mengdane, men det må vel til om alle skal bli mette. 🙂 Skal iallefall sjekke prisar grundig før vi skal handle inn.
    Liker idéen med kjøttbollar, her kan ein kanskje ha ris til også. Og laks er eit godt alternativ, men pesto kan vel fort bli litt dyrt om ein ikkje får kjøpt i stort format.
    Har god tilgang på kjøttdeig, så fram til no har det vore heimelaga gryterett i ei eller anna form som har vore planen. Ikkje så veldig fancy det da kanskje. Men ein kan kanskje kombinere dette med andre rettar også?

  3. Mona says

    Jeg får storhusholdningsvarer til innkjøpspris. Det er veldig få ting som lønner seg for meg å kjøpe til tross for dette, jeg får billigere mat i dagligvare.

  4. Ragna: Veldig fint med salsa, aioli og pesto som dippar. Det «fyller», og spesielt salsa og aioli er veldig billig å lage.

    Camilla: Det skal lite pesto til, ca. 20 g per person. Viss du kjøper ICA pesto, som kostar ca. 125,- per kilo, treng du pesto for 250,-. Det er ikkje så mykje i den store samanhengen. Du kan lage dine eigne kjøttbollar, spe deigen litt og form runde bollar som du kokar i buljong i staden for å steike dei. Så kan du kjøle dei eller fryse dei, og ha dei klar. Du kan også lage gryterettar av kjøtdeigen, t.d. chili con carne eller ein marokkansk-inspirert med sylta sitronar og koriander.

    MonaO: Heilt einig. Det dei har som kan lønne seg veldig er ferdig vaska og kutta blanda salat i 5-litersposar, ferdigkutta løk og slikt. Philli-ost er også billigare der, meiner eg å huske. Rømme i store bøtter, majones i store pakningar og flytande smør er også ting eg brukar å kjøpe der. Men på loppemarknaden kjøper vi pølsene våre på Maxi…

  5. og ein ting til, Camilla: Viss festen skal vere i perioden mai-oktober: Ikkje kjøp urter. Du finn heilt sikkert nokon som har hagen full. Mynte er ugras, har du mynte har du for mykje mynte. Persille kjem att år etter år, den er toårig men sår seg.

  6. Camilla says

    Igjen, tusen takk for gode tips. 🙂 Har litt urter sjølv, og håper på å få «moden» litt salat fra hagen som kan brukast også.

  7. Gunn-Torill says

    Men det var vel ikkje oppskrift på gresk salat? I han skal det vere både agurk, tomat og paprika i tillegg…

Leave a Reply to MonaCancel reply