Fest, Heidi, Mat, Noko søtt
Comment 1

Søt bakst

I dag har Heidi lagd avansert gjærbakst; ein klassisk wienerdeig, som ein brukar til wienerbrød, stenger og dessertar. No for tida må ein vel helst ha gått på konditorlinja eller på husmorskule for 40 år sidan for å ha lært dette, eller du kan lære det her! 😀

Alt godt

Gjærdeig er eit supert materiale å jobbe med. Du kan lage alle slags variantar av gjærdeig ved å  endre litt på ingrediensane. Utgangspunktet er den grå, triste gjærklumpen som verken luktar eller ser god ut, men som formerer seg i rekordfart.

Det siste eg har lært er å ha litt bakepulver i deigen! Då vert baksten endå meir luftig, og det er nettopp denne eigenskapen vi ønskjer med ein gjærdeig. Du kan og byte ut halvparten av mjølka med vatn, det gjer og at deigen vert luftigare.

Tunge deigar gir som kjent eit dårleg resultat. Ein wienerdeig er ein tung gjærdeig, men der kjevler vi inn smøret eller margarinen i fleire omgangar og dermed vert resultatet sprøtt bakverk som liknar på butterdeig.

Eg ga denne wienerkransoppskrifta til ei venninne, og ho melde straks pass. Dette må vere for vidarekomne, sa ho og la oppskrifta til sides. Vel vel, nokre tek utfordringar på fjellet og nokre tek dei på kjøkkenet. Eg veit ikkje kva utfordringar du tek, men lagar du denne vert du garantert begeistra. Ønskjer du meir ”safe” bakst kan du prøve deg på Amandas kveitekrans. Spar iallfall på oppskriftene, ein vakker dag får du sikkert ånda over deg. God bakst!

Wienerdeig til to wienerstenger

1 pakke 50 gram gjær

1 1/2 dl kald mjølk

1 ss sukker

2 ts kardemomme

1/2 ts salt

2 egg

100 gram mjukt smør/margarin

ca 450 gram kveitemjøl

Til innkjevling

150 gram kjøleskapskaldt smør/margarin.

Til fyll

75 gram mjukt smør/margarin

75 gram sukker

75 gram rosiner

Bland alt dette godt saman.

Til pynt

Perlesukker og hakka mandlar eller hasselnøter

Rør gjæra ut i mjølka og tilset sukker, kardemomme, salt, egg og romtemperert smør som ikkje er smelta. Rør mjølet forsiktig inn og pass at deigen vert passe fast. Den skal ikkje vere hard, men heller ikkje for laus.  Sett deigen i kjøleskåpet i 15 minutt med eit klede over.

Kjevl han så ut til ein leiv som er 30x 40 cm. Skjer det kalde smøret med ein ostehøvel og fordel det over 2/3 av leiven. Brett leiven i tre og begynn med den usmurde delen og brett han inn først. Legg så leiven i  kjøleskåpet i 10 minutt. Kjevl leiven ut igjen på same måte som sist og fordel resten av det kalde smøret over 2/3 av leiven. Brett ein gong til slik som sist og legg leiven i kjøleskåpet i 10 minutt. Kjevl til eit rektangel som er 35 x 40 cm.

Del leiven på langs slik at du får to leivar som er ca. 17 x 40 cm. Legg ei stripe av fyllet midt på kvar leiv. Skjer remser på kvar side av fyllet som er ca. 2 cm breie. Desse skjer du litt på skrå ut frå fyllet. Pensl remsene med vatn og flett dei annankvar over fyllet. Etterhev stengene i 50 minutt på eit steikebrett med bakepapir. Pensle dei med egg og strø perlesukker og hakka mandlar eller hasselnøter over. Steik dei på 220 grader i 25 minutt på nederste rille.

Amandas kveitestong

40 gram smør/margarin

1 dl mjølk

25 gram gjær

1/2 ts kardemomme

1/2 dl sukker

3-4 dl kveitemjøl

Fyll:

6 ss vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt

Melisglasur:

Bland melis med litt mjølk.

Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør ut gjæra og tilset resten. Lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for hard. Forhev deigen i 25 minutt.

Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 25×35 cm. Lag vinkelrette kantar på leiven. Drag i leiven med hendene og lag ein fin firkant. Skjer remser eller snitt på begge langsider av rektangelet med 2 cm mellomrom og som er 6 cm djupe.

Legg vaniljekremen i ei stripe midt på og smør han utover til der snitta begynner. Flett remsene over fyllet først frå høgre og så frå venstre. Pass på at du brettar deigen litt inn på endane av stonga slik at vaniljekremen ikkje sig ut under steikinga.

Legg stanga på eit steikebrett og etterhev ho i 30 minutt. Ho vert kanskje så lang at ho må ligge litt på skrå på steikebrettet for å få plass. Steik stanga på 190 grader midt i omnen i ca 15 minutt.  Ha melisglasur over når ho vert kald. 

This entry was posted in: Fest, Heidi, Mat, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. hildeG says

    Jeg liker ikke wienerkrans, så denne står jeg over. Men til jul forsøker jeg å få tid til å lage hjemmelagde croissanter – det blir jo litt av samme prinsippet, en gjærdeig hvor det er kjevlet inn store mengder smør. Bare at croissantene ikke er søte. Steker dem litt lyse, slik at mannfolket kan varme dem i ovnen om morgenen i romjula og servere til husets damer til morgenkaffen – med rømme eller vispet krem og rørte jordbær til. DET er godt, det….
    Og det er ikke vanskelig, bare tidkrevende. Både smøret og deigen må være iskalde, ellers blir det bare kliss. Bruker stålkjevle, det funker bra, marmorkjevlet jeg hadde før var enda bedre … (men at min stakkars mann fikk en alvorlig hodeskade sist jul, skyldtes verken meg eller kjevlene mine, altså,..)

Leave a Reply