Av og til er det enklaste det beste. Frikassé og fårikål er døme på det, begge delar er enkle rettar å lage, ein må berre ha litt tid. Men ein sopptur i skogen har du tid til, medan fårikålen eller fårefrikasséen står og putrar på komfyren. Her er Heidi sine idiotsikre oppskrifter.
Alt godt
Lammefrikassé
Om hausten må ein ha ein søndagsmiddag både med frikassé og fårikål. Det er godt og har lange tradisjonar. Kokt kjøt har kanskje vorte undervurdert i den seinare tid, men kokt kjøt er best spør du meg. Sosakjøt er då berre heilt nydeleg.
Frikassé er kokt kjøt skore i mindre stykker og som ligg i ein lys saus, gjerne saman med nokre grønsaker. Kva kjøt du brukar til frikassé er opp til deg, men hønsekjøt er og godt å lage frikassé av.
1-2 liter vatn
2 ts salt
1 ts pepar
1 løk
ca. 1200 gram kjøt
Kok opp vatn saman med ein skrella løk, salt og pepar .Vask kjøtet fri for blod og legg i. Kok opp og skum av. La det trekke under lok på svak varme i 1-2 timar. Kjøtet er kokt når det løsnar frå beina. Ta kjøtet opp og skjer det i serveringsstykker og legg det i sausen.
Frikassésaus:
2 ss margarin
3 ss kveitemjøl
ca 5 dl kraft
salt og pepar
Litt mjølk/fløyte
Smelt margarinen og rør inn mjølet. Denne sausen skal ikkje brunast. Spe med krafta frå det kokte kjøtet og rør heile tida. Kok i om lag 5 minutt for å få vekk mjølsmaken. Har du laga hønsefrikassé er karri godt å ha i sausen. Eg raspar litt gulrøter i sausen og tilset litt frosne erter eller litt ei grønsakblanding. Ekstra grønsaker kokar eg ved sidan av, til dømes blomkål og gulrøter. Kokte poteter høyrer sjølvsagt med.
Fårikål
Fårikålkjøt
1 kålhovud
ca 1/2 liter vatn
salt og papar
Legg kjøt og tynne skalkar av kål lagvis i gryta. Strø salt og pepar mellom kvart lag og slå vatn i gryta. Eg brukar malt pepar i staden for heilpepar. Pass på at det er rikeleg med vatn i gryta heile tida. Kok alt saman i ca. 2 timar. Server kokte poteter og kokte gulrøter til.
Lammefrikase er ein sikker vinnar!