Billig mat, Mat, Tilbehør, Veggis
Comments 5

For mykje av det gode


I år er eplehausten i mitt nabolag heilt enorm. Folk delar ut villig vekk, og blir likevel ikkje kvitt avlingane sine. Gode er dei og, men ungane byrjar snart bli lei av eple i matpakken. Kva skal ein gjere når ein sit med ein haug med gode, saftige eple, men har mista lysta på å ete dei?

Eg saftar store mengAgnete kuttarder med eple. Det er lettvint, du kan ”prekivere” mykje i slengen, og du har glede av det langt utover vinteren, når eplehausten berre er eit vakkert minne. Saftkokaren vert teken opp av kjellaren, og heile familien vert sett i arbeid med å kutte eple i bitar.

Dei treng ikkje skrellast eller rensast, legg eplebitane rett i den øvre dampekorga. Eg lot ei full dampekorg med eple stå på to (min komfyr går til ni) natta over, og morgonen etter var kjelen full av deilig eplesaft. Vi gjentok suksessen natta etter, og då sto vi der med ti liter eplesaft! Før vi hadde byrja å ha i sukker!

I mi barndomstid var det å finne flasker til saft eit styr. Bestemor mi hadde eigne saftflasker, som gjekk i rundgang år etter år. No har vi fått eit meir daglegdags forhold til vin og liknande, og dermed er tilgangen på passande flasker ikkje lenger eit problem.

Gamlelensmannen på Leikong konsumerte drikke på flasker i noko større grad enn folk flest i bygda, og ein gong ein dreng skulle vere med han å hente noko i kjellaren sukka han, og sa: Eg fattar ikkje kvar alle desse tomflaskene kjem frå, eg har ikkje kjøpt ei tomflaske i heile mitt liv…

Her er mi oppskrift på heimelaga eplesaft:

Dampa eplesaft

ca. 5-7 kg eple (fyll opp dampekorga med bitar)

5 liter vatn

4 kg sukker

1 pakke sitronsyre

2 ts atamon

Ha vatnet i ein stor kjele som du lar koke opp med lok. Ta loket av den varme gryta, og sett saftkokaren på toppen. Dei fleste saftkokarar har utsparingar under slik at dei passar til fleire storleikar gryter, men du bør nok velge den største du har. La dette stå og dampe på låg (men ikkje lågaste) varme i nokre timar. Når frukta har falt saman, og safta som er synleg i saftslangen har fått fin farge, tek du av saftkokaren, og set den til side til den har kolna.

safta kokarLa safta renne over i ei anna gryte. Vil du ta ein runde til, så er det praktisk å gjere det med ein gong. Set safta frå første runde kaldt i mellomtida. Når all safta er klar, kokar du den opp, og rører i sukker, sitronsyre og atamon. Sitronsyre er med for å gje safta ein friskare smak samt at det konserverer, og atamon konserverer også safta.

Vask og skyll flaskene godt, og legg dei i steikeomnen på 100 grader i ein halvtimes tid. Pass på at alle etikettar og all plast rundt flaskehalsen er tekne bort. Eg brukar vanlege korker i flaskene, som eg kokar opp rett før eg skal sette dei i flaskene. Fyll safta på flaskene med trakt og ause som er kokt, og set korkene på med ein gong. Oppbevar safta kjøleg og mørkt.

Safta passar og fint å fryse, godt reingjorte mjølkekartongar eller store glas med skrukork er greie å fryse i. I så fall treng du ikkje tilsetje atamon. Pass på den gamle regelen: emballasje som skal frysast må ikkje vere full, for det du frys ned utvidar seg.  Emballasje som skal oppbevarast kjøleg, som safta i oppskrifta over, må fyllast heilt opp, for å skape vakum, og hindre at muggsopp og anna elende får plass til å herje.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Tilbehør, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. I år har eg gått over til å ha sukker saman med bæra. Til eplesaft treng du ikkje mykje. Då kan ein stikke slangen rett i flaska. Eg har vorte latare/lettvintare med åra. Og så frys eg flaskene. På skulen syltar vi med skikkeleg koking av glas i steikeomnen.

    Likar

  2. Slik gjer proffane, Solveig. Du sparar deg ein del operasjonar, så det gjer saftinga enklare å gjere som du beskriv. Utfordringa er om det kokar over, varmt sukkervatn på keramisk topp er vanskeleg å handtere. Eg syns også saftkokaren vert litt meir kleimete og vanskeleg å gjere rein. Men det er velsigna greitt å tappe saft rett i flaskene.

    Likar

  3. Sigrid says

    Koker du saft før eplene er helt modne, gir safta basis til den fineste eplegele. Bland gjerne safta med saft fra tyttebær, rognebær eller sitron, så blir geleen flott som tilbehør til viltmiddager og tilsats i sauser 🙂

    Likar

Legg att svar til Alt godt Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s