I dag lagar Heidi kinamat, den klassiske take-away-retten som du får kjøpt i heile Norge, ifølge Are Kalvø. Eg har prøvd Heidi sin variant, og den smakar nydeleg. Absolutt verd å prøve. Du treng ikkje bruke smult til fritering slik Heidi gjer, du kan bruke rapsolje eller soyaolje.
Alt godt
Eg las om presten på Giske som er så heldig at han skal reise til Kina langs den gamle Silkevegen. Eg har sjølv reist til Kina, men det var med den Transibirske jernbanen på 1980-talet.
Å reise langs den gamle Silkevegen vert nok ei heilt anna reise enn gjennom flate Sibir og Mongolia med tospora jernbanesviller heile vegen. Er presten heldig kan han kanskje finne der Vårherre grunnla Edens hage der fiken, dadlar, fersken og mango voks vilt, eit reint paradis.
Røtene til vår eigen matkultur ligg i her i Den fruktbare Halvmåne austan for Eden, og i nærleiken av elvane Eufrat og Tigris. Her tok vår tids jordbruksrevolusjon til, der ein byrja å kultive ville vekster og temje dyr. Husdyra og plantefaunaen vår kjem frå dette området.
Vi kan og lese i Bibelen om Dronning Saba som kom til kong Salamon med kamelkaravaner fulle av eksotiske varer og krydder. Kamelane var så nedleste og dautrøytte når dei kom fram at dei segna om like framfor Kongen. Dronninga kom sikkert for å diskutere handelspolitikk med kongen for å oppretthalde eigne privilegier som ho hadde langs Silkevegen. Ho tente nemleg gode pengar på denne transitthandelen.
Eg har nokre gode oppskrifter på kinesisk mat som eg har fått av venner og kjende. Har du ikkje laga kinamat før kan du gjere det no. Når du les oppskrifta skjønar du at dette ikkje er noko hokus pokus. Du må nok kjøpe inn ein del sausar, men fleire av dei har du sikkert i hus frå før. Du får kjøpt dei i dei fleste daglegvarebutikkane sjølv her på bygdene.
Frityrsteikt svinekjøt i sursøt saus
Kinesisk sursøt saus
4 dl vatn
3 ss tomatpure
2 ts HP saus
2 ss Roses lime
2 ss eddik 7%
1 ts Tabasco
1 ts Worchestershiresaus
5 ss sukker
Lag sausen først. Ha alle ingrediensane i ei gryte og sett plata på svak varme.
Del grønsakene nedanfor i bitar og tilsett dei i sausen.
1 liten boks ananas
1 raud paprika
1 grøn paprika
Til kjøtet som skal frityrsteikast kan du bruke 5 store svinekotelettar eller tilsvarande mengde flatbiff av svin. Strimla svinekjøt som du finn ferdigpakka i kjøtdisken kan og brukast. Skjer kjøtet i avlange bitar ca 2 x 4 cm. Og legg dei på eit fat slik at dei er klar til panering.
Til paneringa treng du to skåler. I den eine blandar du 2 egg og 1 ts salt. I den andre har du 1-2 dl potetmjøl.
Vend kjøtbitane først i eggeblandinga for så å rulle dei i potetmjøl til slutt. No er alle kjøtbitane panert og ligg klare på eit stort fat til å bli frityrkokt.
Til frityrsteikinga smeltar du ½ kg smult i ei jarngryte. Du kan og bruke ein nøytral olje, som soyaolje, maisolje eller solsikkeolje.
Frityrfeittet skal vere så varmt at det brusar rundt ein trepinne før du legg kjøtbitane i. Legg ikkje alt kjøtet i med ein gong, og la kvar bit ligge i smultgryta i 5-10 minutt for å bli godt gjennomsteikt. Kjøtet vert sjåande nokså bleikt ut og ikkje direkte brunt fordi ein vende kjøtbitane i potetmjøl.
Legg dei ferdigkokte kjøtbitane over i sausen og la dei varme seg i sausen til ein skal ete. Server ris til.