Lykke, Mat
Comments 11

Bloggmoro


OK, eg kjedar meg. Då tyr eg til søkeordlista mi, alltid like gøy. Heng med:

finn din økologisk fotavtrykk: Dårleg grammatikk, men du finn info her: www.myfootprint.org

fløte utgått på dato i vaffelrøre? Pøs på. Så lenge den ikkje er mugla eller skilt seg kan du bruke den.

beste pannekaker: Eg meiner det er desse: https://altgodt.wordpress.com/2009/01/20/25/

lettvint skaldyr suppe: Eg likar denne, smakfull, billig og god.

fører bvlgari i norge: Estetique har litt, men manglar mange av dei beste. Gardermoen sitt utval er ikkje så ille.

«den gyldne q»: http://hjartesmil.blogg.no/

alt godt blogg: Jepp, du har kome rett!

jordskokk må den skrellas? Ja, det må den. Det kan vere litt kronglete, men det er verd det.

zepter kasseroller: Juks og bedrag. Grisedyre, ikkje noko betre enn mange andre merke som er billegare, og mykje prat og lite ull. Styr unna.

sveler kefir: Alltid. Utan kefir, ingen sveler.

gjær utgått på dato: Gjer ingenting. Så lenge du klarer å løyse den opp i lunka deigvæske går det fint.

hvorfor panerer vi snitzel: Fordi viss du ikkje panerer den er det ingen snitzel.

jordskokk luft i magen: Ja, dessverre.

byredo gimle: Nei, dessverre.

hva heter gaten som går forbi inngangen: Her treng eg meir info, kjære.

hvordan lage aspik: To måtar: Bruk pose med pulver, safe og delikat. Mørk finst ikkje lenger, bruk sukkerkulør for å farge den. Naturmetoden: Kok kraft på bein og grønsaker, kok den inn lenge. La krafta kolne. Fjern feittet. Når krafta har fått stå ei stund og er skikkeleg kald har den også blitt til gelé.

Fleire spørsmål? Still dei gjerne nedanfor her! Eg elskar slikt. 😉

This entry was posted in: Lykke, Mat

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Ikke spesielt morsomt jusspørsmål, men det har oppstått et problem i vennekretsen:

    Kan en gift mann pantsette huset uten sin kones underskrift? Jeg trodde begge måtte skrive under så lenge begge eier huset og er gift. Nå skal de skilles, og kona oppdager dette. Hvem blir ansvarliggjort her?

    Likar

  2. Kjeder De deg, kan de begynne å twitre. Mange matbloggere der. Og andre som er gode på litt tullprat. Kanskje de allerede er der? Da skal jeg se til å følge dem sporenstreks.

    Likar

  3. Trine says

    Jeg tenker på julemat og vil ha multekrem: Har du ei oppskrift på skikkelig skikkelig god multekrem? Det er godt, men kan bli fryktelig kjedelig og litt emment. Er det noe som kan tilsettes som gjør at det blir scwung over kremen?

    Likar

  4. Matspørsmål:
    Hvordan unngå at fløten «grøter» seg nå man lager fløtegratinerte poteter? (vil gjerne kunne bruke matfløte)

    Likar

  5. Mykstart: Nei, så langt har eg ikkje kome. Er redd det ville ta endå meir tid….

    Trine: Ikkje lag det for søtt. Eg syns ofte det er der det blir feil, at moltekremen blir så intenst søt. Då blir moltesmaken borte. Nok molter, og ikkje så søt krem, då burde det bli bra.

    Christine: Eg er ikkje sikker på kva du meiner med «grøter seg»? At den vert tjukk? Det skal den vel vere. Pantsettingsspørsmålet: Utan å vite nok om det vil eg seie at her har banken forsømt seg. Begge skal skrive under på pantsetting av felles bolig, også om den eine ikkje eig ein andel i den.

    Likar

  6. Hei!
    Jeg har stjålet «Noko av det vakraste» fra deg. Har kreditert deg med en link. Har planer om å legge ut en sang hver onsdag.

    Likar

  7. Trine says

    Christine og AltGodt: «Grøter seg» betyr vel at det tynne (mjølka, fløten) skiller seg, og du får en klumpete saus på potetene. Det skjer når det er for lite fett i blandinga. Bruker du mjølk grøter det seg. Bruker du fløte blir det bra. Jo feitere fløte jo mindre sjanse for grøting. Jeg har prøvd med kaffefløte, og det ble ikke bra.

    Likar

  8. OK, då er eg med. Prøv å riste ut matfløten med eitt par teskeier mjøl medan den er kald, før du har den på potetene. Mjølet vil kunne hindre at fløten skiljer seg.

    Likar

  9. Mari says

    Eg har eit spørsmål, sjølv om det er for seint for min del:

    Kva gjer ein hvis ein oppdagger småe dyr (truleg melmidd) i kveitemjølet, og finn ut at krypa har spreidd seg til ALLE mjølposane i skuffa? Dei var i hovudsak utanpå dei andre mjølposane, men me kasta alt likevel. Dei var jo litt gamle uansett, dei mjølposane.

    Likar

  10. Mari: Du gjorde det einaste rette, alt må kastast, og skuffene må reingjerast grundig. Når du så kjøper mjøl må du oppbevare det i tette behaldarar, som t.d. isbokser eller liknande. Elles kjem det fort tilbake.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s