Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Meir svart og kvitt

Det svarte og kvite i dag er ein deilig dessert som passar fint til torsken du fekk oppskrift på i går. Det er ein pannacotta som eg har lagd med matfløte og yoghurt for å få den litt lettare. Pannacotta, som betyr kokt fløte på italiensk, vert normalt lagd med kremfløte. Det kan bli i heftigaste laget no i november. Det blir nok tunge dessertar når jula nærmar seg.

Eg hadde frosne blåbær bakerst i frysaren som eg lagde ein mørk bærsaus av. Det er ein lekker kontrast mellom den milde, lyse pannacottaen og den svarte blåbærsausen. Slik gjer du det:

Yoghurtpannacotta med blåbærsaus

1,5 dl fløte

3 ss sukker

2 ts vaniljesukker

2 blad gelatin

Ei kanelstang

3 dl yoghurt utan smak, eg brukte Biola

Bærsaus:

2,5 dl frosne blåbær

3 ss sukker

2 ts sitronsaft

Kok opp fløten med sukker og kanelstanga. La dette stå og trekke i eit kvarters tid, lenger viss du vil ha meir intens kanelsmak. Legg gelatinblada i bløyt i kaldt vatn i nokre minutt. Når dei er mjuke og fine krystar du vatnet ut av dei, og legg dei i gryta med fløteblandinga, etter at du har fiska ut kanelstanga. Rør godt slik at dei går heilt i oppløysing. Ha i yoghurten, og rør den ut i fløteblandinga.

Hell pannacottarøra i fire pene serveringsglas. Pass på at det er plass att til sausen. Sett kaldt, dette stivnar ganske bra på 5-6 timar.

Ha blåbæra i ei lita gryte saman med sukkeret og sitronsafta. La det trekke på svak varme til bæra har safta seg godt, og det heile har fått eit oppkok. Køyr gjerne blandinga glatt med stavmiksar for å få ut mest mogeleg saft. Sil frå frø og skal, og la blåbærsausen kolne. Hell den på toppen av pannacottaen ved servering. Velbekomme!

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Endelig! Jula skal tilbringes hos lillebror m/familie, og han er en gourmand på kjøkkenet og ved bordet, og ute på restaurant for den del. Han har sogar fagbrev på det. Dermed melder gjerne tante E seg ut, og undertrykker trangen til å bidra med noe fordi alt han gjør overgår det jeg kan prestere. Tror jeg, der og da. Men denne kan jeg helt klart greie og den vil utvilsomt falle i smak. Ser for meg å legge et bittelite mynteblad eller noe på toppen som dekorasjon…?

    Julaftenmenyen er spikret og den skal få leve sitt sedvanlige liv. Men kanskje tante kaprer kjøkkenet på fjerde søndag i advent og overrasker lillebror og trønderdamene hans? I love hvordan du får det til å virke overkommelig, samtidig som det ser superavansert ut. Takk! 😀

Leave a Reply