Billig mat, Mat, Middag
Comment 1

Gårsdagens pizza

Dette er ikkje den mest sofistikerte oppskrifta du vil finne her, men eg gjorde noko lurt, så eg tenkte eg skulle dele det. På fredag hadde vi nemleg taco. Då steikte eg opp 600 g kjøtdeig (omtrent) i staden for 400g slik eg brukar. Det gjorde at eg kunne ta til side ein god porsjon ferdigkrydra kjøtdeig etter at alle var mette. (Og vi unngjekk samstundes at nokon kjøleskapsdyret mumsa på det om natta.)

Laurdag sto pizza på ønskelista, og det måtte skje fort, for vi var svoltne. Eg køyrde saman deigen etter denne oppskrifta:

Pizzadeig:

Ein pakke tørrgjær

5 dl lunka vatn

4 ss olivenolje

1 ts salt

Mjøl til passe deig

Bland tørrgjæra i mjølet. Ha vatnet, saltet og oljen i ein bakebolle (eg brukar Kenwooden til dette). Elt inn mjølet litt og litt, heller litt mindre enn litt meir. Deigen skal sleppe bollen til slutt, men den må ikkje vere for fast heller. La deigen heve så lenge du gidd å vente.

På den utkjevla deigen hadde eg halvparten av eit glas med tomatsaus, og så strødde eg på det som var att av tacokjøtet. Vi hadde ikkje så stort utval av stilige pizzaingrediensar, så purre fekk duge, i tillegg til eit raust lag med ost. Det vart kjempegodt!

Så tipset er: Når du lagar taco, så steik opp litt ekstra kjøtdeig, ta det til side i ein boks, kjøl det eller frys det (det tinar kjempefort i så små porsjonar, 150-200 g er meir enn nok til ein langpannepizza) og ta det fram når du treng det. Smart, ikkje sant?

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply