Billig mat, Frustrasjonar
Comments 20

Om å kjøpe inn


Dei som kjenner meg privat veit at eg lever av å shoppe. Eg er altså innkjøpar for ein statleg etat. Det er eigentleg ein logisk konsekvens av at eg alltid har vore glad i å shoppe, og at eg har ein fagleg bakgrunn (juss) som gjer at eg kan det som skal til av regelverk og rettspraksis.

Men eg kjøper ikkje berre inn på jobb, eg brukar dei same teknikkane (i moderert form, naturleg nok) når eg kjøper inn privat. Det er nokre grunnprinsipp som det kan vere nyttig å få med seg, for at ein skal kunne gjere gode innkjøp.

Kjenn marknaden du kjøper inn i

Prisar, vilkår og kvalitet varierer frå marknad til marknad. Kva er så ein marknad? Ein kan hevde at alle matvarebutikkar i ditt nabolag er ein marknad. Samstundes er det viktig å vite at ein ikkje treng å flytte seg så langt for å gjere ein betre handel.  Daglegvareforretningane baserer seg på at du ikkje gidd å sjekke prisar og kvalitetar andre stader. Å orientere seg blant tilbydarane utanfor din «nærmarknad» er kjempeviktig for å kunne kjøpe inn gode varer til låg pris.

Innvandrarbutikkar er eit døme på nærmarknader som ein bør kjenne. Du kan også gå ut frå at dess mindre fancy lokala og plasseringa av butikken er, dess billigare er varene. Eg sparer MASSE pengar på å handle grønsaker og eksotiske varer på Grønland ein gong i veka. Vår nærbutikk har av og til doble prisar på varer av same kvalitet, til dømes salat, cherrytomatar og soyasaus.

Vit kva ei vare SKAL koste

Dessverre må ein berre gå ut frå at butikkane har som mål å lure deg til å kjøpe noko dyrare enn det du vil kjøpe. Deira overordna mål er jo at du skal bruke så mykje pengar som mogeleg hos dei. Det oppnår dei til dømes ved å forvirre oss når det gjeld kva ei vare eigentleg skal koste. Det gjer dei på dei underlegaste måtar. Ein måte å gjere det på er juksetilbod.

Her ein dag kom eg på min faste butikk, og såg at issalaten var merka med gult, altså skulle den vere på tilbod. Den kosta 19,90. Det veit eg er ein svært høg pris, så eg stussa litt på den tilbodslappen. I går var eg innom der igjen, då kosta den 12,90, utan tilbodslapp. Då veit eg iallfall kva den skal koste.

Det er altså slett ikkje sikkert at det som er tilbodsmerka er den billegaste vara av det slaget. Eg kjøper ein bestemt type toalettpapir. Den finst i 18-rullarspakning og i 8-rullarspakning. Prisen per meter er det dobbelte for den med 8 rullar. Den med 8 rullar har ofte gul lapp, og er på juksetilbod. Den er likevel berre to kroner billegare per pakke, og 18-rullspakken, som dei har gøymt godt bort, er likevel rimelegast.

Ein annan måte å forvirre kundane er generell jukseprising. Eg skulle kjøpe søt chilisaus, og hadde det travelt, så eg rakk ikkje å dra til min faste mann på Grønland. På storbutikken der eg var hadde dei ei flaske med 2,5 dl saus til 22,90. Eg syntest det var litt dyrt, fordi eg huska at tyrkaren eg handlar hos selde slike flasker på ein liter til same pris. Så kikka eg meg litt rundt. På nederste hylle sto ei flaske med søt chilisaus, same kvalitet, same merke, til 21,90. Den inneheldt 7,5 dl, altså tre gongar så mykje. At mindre pakningar kostar litt meir per kilo er naturleg, men så ekstremt? Jukseprising, som eg avslørte, fordi eg visste kva den eigentleg skulle koste.

Eit anna døme er leverpostei, den firkanta boksen er på tilbod, den ovale er tolv kroner dyrare, sjølv om det er same produsent, og sikkert same leverposteien. Tek du feil vert du lurt. Medisterpølser laga på same fabrikk og med nesten lik innpakning har ulik pris. Den eine kostar 29,90, den andre kostar 12. For å auke forvirringa og å sikre at du gjer feil er prisane tekne bort på den dyraste, eller prisplakaten er plassert slik at du trur den gjeld den tredje medisteren.

Tilbod blir gøymt bort og erstatta med liknande varer

Eit anna triks butikkane tyr til er at dei har store tilbodsaviser som skal få deg til å få lyst til å kome til butikken. Der presenterer dei svært gode tilbod, som til dømes Rugsprø til ti kroner per pakke. Det er jo kjempebillig, og folk fer mann og kvinne av huse.

Når du så kjem i butikken så huskar du kanskje ikkje Rugsprø, men du huskar mørkt, tynnt knekkebrød. Det veit butikken. Difor stiller dei opp ein pall på enden av ei hylle der det står Finncrisp, det som liknar aller mest på Rugsprø. Der står det ingen pris, eller kanskje står det ein bitteliten lapp nederst til høgre. Den ser ikkje du, tenker mørkt, tynnt knekkebrød, og plukkar tre-fire pakkar opp i vogna di. Finncrisp er ikkje på tilbod, den er derimot på fullpris til 17,90. Rugsprøen står innerst til venstre, slik at du ikkje skal finne den.

Kryssubsidiering

Barna mine var ikkje fylt 12 før dei lærte kva kryssubsidiering er. Når ein butikk kryssubsidierer sel dei ein ting billig, og ein annan ting dyrt. Dei to tinga kan passe saman, som pølser og lomper, eller dei kan vere utbyttbare, som fruktmusli og blåbærmusli. Er pølsene billige er lompene dyre. Er fruktmuslien billig står den bortgøymt, og blåbærmuslien står langs midtgangen i butikken på ein pall. Den som ikkje følgjer med får svi. (Og du veit kvifor fruktmuslien er billig? Fordi den er på VG si liste over produkt som vert prissamanlikna kvar månad.)

Kryssubsidiering er på ein måte eit veddemål. Butikken veddar på at du ikkje finn det dei har subsidiert, eller at du kjem til butikken likevel, sjølv om dei er utselt. Du kan vedde i mot viss du orkar.

Ting er billig to veker før du treng dei

Det er no pinnekjøt, svineribbe og risgraut er billig. Om to veker er prisane skrudd opp. Eg var på min faste butikk i går, og fann flott kjøtfullt pinnekjøt til 109,- per kg. Framimot jul finn du seige, tørre strantar til 149,-. Medisterdeigen kosta 39,90 i går. Gjett om eg kjøpte ein stor pakke, og la i frysaren. På veslejulaftan kostar medisterfarse 89,- per kilo.

Bruk frysaren, sjekk datoar og pass på. Det kan vert dyrt og å kjøpe inn slik eg beskriv viss du gløymer at du har medisterdeig i frysaren, og kjøper ny. Planlegging er trikset her, med lister og notat over kva du har kjøpt og kva du ikkje har kjøpt. Følgjer du med på kva som er i butikkane og kva det kostar sparer du pengar.

Sjekk kassalappen

Når du har betalt, så bruk eit minutt (FØR du har gått frå butikken) og sjekk at prisane som er slått inn er korrekte. Du vil bli overraska over kor ofte prisen på hylla, i tilbodsavisa og i kassasystemet ikkje stemmer overeins. Har du teke den julepølsa som var til dobbel pris og ikkje den som var på tilbod fordi du ikkje såg skilnad på dei, så sei frå, og du får pengane tilbake.

Eg handlar av og til varer til halv pris der best før-datoen er  i morgon, det får dei rett som det er ikkje med seg, dei berre dreg vara forbi scannaren på autopilot. Pass på at du har fått dei rabattane du har krav på. Eg veit at mange syns det er ubehageleg å seie frå, og butikkane tener mykje pengar på at folk kvir seg for «å lage bråk» i kassa. Men bør ein ikkje lage litt bråk (på ein høfleg måte) når ein blir lurt trill rundt?

Og så må eg ta nokre atterhald. Er arbeidstida di meir verd enn det du sparer på strukturerte innkjøp så treng du ikkje å ta omsyn til dette. Er du åleine, og et lite, så har dette kanskje ikkje så stor innverknad for deg. Må du ha spesialkost så må du det, då har du kanskje ikkje så mykje å hente på tilbodsjakt. Syns du det er ei pine å gå i butikkar, så gå for all del ein stad, finn alt og stikk avgarde for å gjere meir fornuftige ting.

Men for alle oss andre så er det mykje å spare på å kjøpe inn meir strukturert, og å sjekke prisar og å ha augene med oss.

This entry was posted in: Billig mat, Frustrasjonar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

20 Comments

  1. -Er arbeidstida di meir verd enn det du sparer på strukturerte innkjøp så treng du ikkje å ta omsyn til dette.

    -Syns du det er ei pine å gå i butikkar, så gå for all del ein stad, finn alt og stikk avgarde for å gjere meir fornuftige ting.

    Jeg kan i alle fall skrive under på disse to. Shopping er djevelens verk! ;-D

    Likar

  2. Elisabeth says

    Min viktigste regel: Handle IKKE på tom mage 😉

    Men ja og amen! Godt innlegg.

    Likar

  3. irma says

    Ica på Sagene er et «godt» eskempel på alle disse punktene, skulle nesten tro det var der du hadde blitt inspirert til denne posten. Min opplevelse er at Ica er værst i klassen. Lureriet er så åpenbart at jeg blir flau på butikkens vegne. I andre butikker jeg bruker hender det innimellom at jeg ser sånt, men det er ikke et så åpenbart fast mønster. Men ja det gjelder å følger med. Godt innlegg!

    Likar

  4. Supert innlegg! Trodde jeg var ganske bevisst, men skjønner nå at jeg kan bli enda mer bevisst. Jeg har møtt min overmann. 🙂 .. ev. overkvinne.

    Likar

  5. Jeg er godt vant til å være bevist sjopper, og lar meg stadig forundre over folk som ikke tenker over kilopris/enhetspris men kun handler det som _ser_ billigest ut.. Jeg mener også at det er ikke nødvendig å handle alt i samme butikk, med litt planlegging kan man fast besøke to-tre matbutikker pr uke, og sånn handle inn grønnsakene der det er billig, og tørrvarer der det er billig og spesialvarer der du kun får de (og hvor alt annet gjerne er svinedyrt).

    Flott innlegg, dette er det sikkert mange som lærer noe av, selv satt jeg stor pris på å bli minnet på det iallefall 🙂

    Likar

  6. Lærerikt. Og neste gang så ta ett om at maten ikke er så dyr når vi har råd til å kaste 1/3 av det vi handler inn… 😉 I papirutgaven av Aftenposten (fra i dag, mener jeg) så sto det at gjennomsnittshusholdningen kaster mat for over 10000kr i året, hvorav mesteparten var spiselig).
    http://www.sto.no/

    Likar

  7. Tigeranda says

    Dette stemmer på ein prikk! Men husk at dei maurane som jobbar der sannsynlegvis ikkje bestemmer kva som skal jukseprisast eller ikkje. Når eg jobba på matbutikk som student var eg særs nøye med å vere hyggelig og hjelpsom når kundar kom attende med ei klage, fordi det ofte var noko dei hadde manna seg litt opp for å gjere. Og om ingen seier i frå, veit ein ikkje at det har vore noko gale.

    Likar

  8. Silje says

    Flott innlegg! Jeg er meget nøye når jeg handler mat og følger godt med. Men kan alltids bli bedre. Dessverre finnes ikke innvandrerbutikker ala Grønnland her jeg bor.

    Men det overrasker meg gang på gang at jeg kan komme i samtale med kolleger el. der de ikke vet hva en pakke egg «skal» koste, hva juice, melk, knekkebrød, kyllingfilet osv «skal» koste. De sjekker aldri kilopris/meterpris, de bare handler de… Dem om det. Men de lever ikke på under 60 kr dagen og spiser hjemmelaget nyttig næringsrik mat slik som jeg gjør 🙂

    Jeg liker å være gjerrig der og det gir meg en pervers glede å summere opp kvitteringer i slutten av hver mnd og dele på 30, hihi… Finansierer mye anna moro på den måten!

    Likar

  9. Mange gode råd! Her kjenner eg meg att. Eg er så (u)heldig at eg har (nesten) fotografisk minne når det gjeld hylleprisar. Det hjelper også å ha vore student og «heimeverande» nokre år. Søndag hadde eg planer om å skjere filetane ut av ein kalkun til 126 kr og vege dei. Dessverre skulle kalkunen tinast i to, ikkje eitt, døgn, så den var litt for frosen. Der må det vere pengar å spare, låra vert vel reine bonusen!

    Likar

  10. Sissel says

    Nyttig artikkel for mange. Tenker ikke slik når jeg går i butikken, men jammen skal jeg se nøye neste gang det blir butikktur. Har alltid med handleliste på butikken, koser meg med å finne ut hva jeg skal lage den påfølgende uka. Lager all maten fra bunnen av og bruker fryseren flittig. Tar også vare på kassalappene for å se hvor mye jeg bruker pr. måned på mat. Restaurantbesøk går av potten fornøyelser.

    Likar

  11. Amen! Her var det mye bra! 😀
    Du skulle sendt dette til alle som handler i Sverige, fordi det er så billig. Rimeligere – men man bør også der være selektiv og prisbevisst. Feks noe så enkelt som å sjekke kilosprisen, som du skriver.

    Likar

  12. I Sverige (og i Norge også) bør man sjekke vanninholdet i kjøtt spesielt. Ellers risikerer man å betale mye for saltlake.

    Likar

  13. Bra innlegg med mange gode tips. Jeg er ikke voldsomt prisbevist når jeg handler, men er mere opptatt av å spare tid og å ikke kaste mat. Derfor er mitt beste tips å lage matplan og handle en gang i uken. Dermed kan man både får brukt de tingene man kjøper i forskjellige retter i løpet av uken og slipper impulskjøp.

    Likar

  14. Lille Voff says

    He,he. Min sønn spiser fruktmüsli og jeg har alltid lurt på hvorfor den står på øverste hylle mens blåbærvarianten står på en stor palle i handlehøyde.

    Likar

  15. Kirsitn: You’re dismissed! 🙂
    Elisabeth: Endå eit godt råd. Takk!
    Irma: Ein smule inspirasjon har eg nok henta på Maxi på Bjølsen.
    smgj: Ja! å begrense kastinga er det første og viktigaste sparetiltaket.
    Tigeranda: nei, eg anklagar ikkje maura som jobbar i butikken. dei har sine ordrar og system som dei skal følge.
    Anita: ja, du har rett. Mange ting er faktisk dyrare i Sverige, men folk veit ikkje kva ting skal koste, difor brukar dei meir enn nødvendig.
    Lille voff: Der har du svaret! 🙂

    Likar

  16. Gerd: 😆 You made my day! Har vore i Sogn eitt par gongar i mitt liv, elles har eg ikkje mykje tilknyting dit. Men eit liv, det har eg.

    Likar

  17. Trine says

    Mora mi, 70-årig husøkonom, leste dette. Hun ble så glad.
    Skal hilse.

    Likar

  18. Bra! Ikke bry deg om at du får litt pepper her for å være «gnien». Jeg er ganske prisbevist, men for meg handler det om å spare penger, men nesten like mye om å ikke bli «lurt».

    Et annet eksempel; Kjøttpålegg som henger i fine pakninger. Alle koster ca. 30 kroner. Salamipakken veier nesten 300g, mens «provanceskinken» veiener 150g.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s