Fest, Jul, Lykke, Noko søtt
Comments 8

Jul i siste lita


Så nærmar juledagane seg med stormskritt, og panikken breier seg blant oss som tek ansvar for at jula skal bli ei fin oppleving for alle.

Har eg huska alle julegåvene? Har alle julekorta kome fram? Kvifor har vi forresten fått så få julekort i år? Har eg huska rabbe og surkål? Kva skal vi gje dei som ikkje vil ha lutefisk førstedag? Listene vert lengre og lengre, og kontoen tømest før du får sukk for deg.

Eit logistikktips viss du bur saman med ein du prøver å få til å ta medansvar er å lage to handlelister: Ei liste er for dei tunge tinga, og det som ikkje kan gå gale. Den andre er for dei tinga der ein må ha litt fingerspisskjensle for å velje rett i butikken. La gemalen handle inn (og dermed også betale for) alle drikkevarene, ei kasse mandarinar, rabbe, surkål og poteter, og brudevollmoren kan han og sikkert få til viss han kjem seg i nærleiken av Brudevoll. Så kan du kose deg med å handle juleposteien, fåreribba, rullen og nokre gode ostar. Det er heller ikkje ei skam å dra to turar. Det er ingen grunn til å slite seg ut og bere brokk på seg ved å skulle rekke alt i ein runde.

Eit anna tips er å velje sine slag med omhu. Nokre kampar må berre få ligge, som til dømes at alle stablar med papir, aviser og blad rundt om i huset skal vere sorterte og rydda før jula ringer inn. Eg brukar store pappesker, og legg stablane oppi. Så går dei på loftet. Uti januar finn vi dei att, og har ikkje sakna noko av det, så då kan dei sannsynlegvis kastast. Då har ein iallfall tid til å sette seg ned og sortere kva som er verd å ta vare på, og kva som kan gå til attvinning.

Det er og ein kunst å lage nokre få ordentleg gode ting som alle gjestane får smake, og som gjer at alle tenker at du verkeleg har gjort deg føre. Det har du gjort, med den eine eller dei få tinga, så det er berre å stråle seg i glansen. At ikkje alt sølvet er pussa blir mindre nøye då.

I fjor lagde eg ein diger porsjon av rom-rosintrøflane mine, og jammen måtte eg ikkje lage ein til før juledagane. Det skal ikkje så mange til (to for å vere nøyaktig) før ein føler at ein har fått nok, men problemet er berre at høvet då det kunne passe å ta to til dukkar opp så altfor ofte. Eg brukar digestive-kjeks, det er grove engelske kjeks som er kjempegode med smør og brunost på. Du får dei i alle butikkar. Slik gjer du det:

Rom-rosintrøflar

70 g rosiner

1 dl rom

200 g digestive-kjeks

60 g fint, brunt sukker (demerara)

1 strøken teskei kanel

60 g valnøtter

0,6 dl kremfløte

250 g mørk sjokolade

90 g lys sirup

125 g malte valnøtter

Legg rosinene i bløyt i romen. Dette kan du gjere i god tid, men minst ein time før du rører alt i hop. Mal 125 g valnøtter, og ha massen i ei låg, vid skål. Hakk resten av valnøttene fint. Eg brukte matmølle til alle desse operasjonane, og då går det veldig fort å få hakka alt. Bland knuste kjeks, sukker, kanel og 60 g valnøtter i ein bolle.

Hakk sjokoladen, og ha den i ei gryte saman med sirup og fløte. Smelt det over låg varme. Hell det over kjeksblandinga. Ta rosinene ut av romen, hakk dei, og ha alt inkludert resten av romen i kjeksblandinga. Sett bollen i kjøleskapet til massen har blitt fast.

Trill kuler av trøffelmassen. Eg brukte eit slikt kulejern som eg har kjøpt som melonkulejern, men som eg hovudsakleg brukar til å ta ut kjernehus av eple og pærer med. Det fungerer veldig bra, så lenge eg dyppar det i ein matolje utan smak (som solsikkeolje, soyaolje eller rapsolje) med jamne mellomrom. Eg lagde passe store kuler med kulejernet, før eg trilla dei runde og fine med hendene. Du bør bruke matolje som smørjing på hendene og, for dette er ganske klistrete greier.

Etter kvart som du trillar kuler kan du legge dei i dei malte valnøttene. Rull skåla rundt slik at nøttemjølet festar seg på heile kula. Eg kjøpte fine små skåler på loppemarknad, og gav bort skåler med romtrøflar med cellofan over til jul. Stor suksess!

Ta med som vertinnegåve når du vert beden i selskap, det er mykje kjekkare å få dette enn ein kvadratmeter Kong Haakon. Romen kan bytast ut med konjakk, og den har og blitt lagd med whisky av ei eg kjenner utan at det på nokon måte reduserte kvaliteten eller opplevinga. Skal du lage dei alkoholfrie kan du kanskje bløyte rosinene i eplejuice og nokre dropar romessens, prøv deg fram.

Pass no på at du får litt tid med beina på bordet, med ein god kopp te og eitt par-tre romtrøflar i ei diskret lita skål. Då er julefreden sikra!

This entry was posted in: Fest, Jul, Lykke, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Villrose says

    Akk ja, det er ei utfordrende tid for den logistikkansvarlige 😉

    Og trøflene skal lages i år også, til og med som presang!

    Likar

  2. Tilbakeping: Gåveidéar « Alt godt

  3. Tilbakeping: Ein himmelsk appelsindessert « Alt godt

  4. Tilbakeping: Stem på meg, kjære lesarar! « Alt godt

  5. Stian says

    dette var fristende. Hvor lenge holder juletrøflene seg? Går det å legge disse under juletreet ( uten at de smelter)?

    Likar

Legg att svar til lineca Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s