Billig mat, Jul, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 4

Søte restar


Det er vel lov med dessert ein trist januardag? Nærbutikken min hadde tilbod på kremfløyte som gjekk ut på dato i dag, og då vart det tilslørte julejenter til dessert heime hos oss.

Julekakene er dessverre enno ikkje oppetne her hos oss, og slik er det vel vanleg å ha det på denne tida. Eg lagde denne deilige desserten med knuste julekaker, og den vekte stor åtgaum rundt bordet. Mine julekaker er så fulle av smør og sukker at eg droppa den tradisjonelle runden med å steike det sprø mellomlaget i smør og sukker.

Eg brukte karamellkaker og nokre pepparkaker, og tyttebærsylta som var att etter reinsdyrsmiddagen i romjula.

Syltetøyet kan du variere, og det same med julekakene. Krasja krumkaker er sikkert veldig godt til denne desserten, for ikkje å snakke om kokosmakronar. Slik gjer du det:

Tilslørte julejenter

5-6 julekaker av ulikt slag

2 dl kremfløyte

2 ss syltetøy per dessertglas

Knus julekakene grovt. Pisk fløyten til passe stiv krem. Legg kaker, krem og syltetøy lagvis i pene glas.

Server med ein gong, slik at kakene framleis er litt sprø. Nam, nam!

This entry was posted in: Billig mat, Jul, Mat, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. RandiF says

    Lagde også en slik hurtig-reste-julekake-frukt-dessert ein dag eg var sugen på dessert.
    Tok et stort eple, skrelte og skar i skiver. Stekte skivene på panna i smør og strødde brunt sukker over. Knuste «Brune pinner», og piska kremfløyte som var utgått på dato for ei veke sidan, men like god!! Epleskivene på en desserttallerk med litt av sirupen som hadde danna seg i panna, knuste kaker strødd over og en diger kremklatt på toppne. Kjempedeilig!

    Likar

  2. Nam!
    Bortsett fra spekeskinke og fenalår – som funker fint som snacks og «suppekrydder» også etter jul, var eneste julerest i vårt hus de nederste bitene i pinnkjøttgryta førstedag. De var for mye kokt, og ble kastet. Det kaller jeg spot on planlegging!
    Men, bittelitt julekaker har jeg igjen. Noen få peppernøtter og noen få biscotti. Kanskje jeg skulle…

    Likar

  3. Hehe, det var en morsom oppskrift! Og et godt tips. 🙂 Alle har vel tørre julekaker liggende etter jul.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s