Fredag, Grønt
Comments 3

Endeleg fredag

Helgefreden senkar seg, og eg trur det blir ei fin helg.

I ettermiddag skal eg møte ei bloggevenninne IRL for første gong, det er alltid spennande. I morgon skal vi feire fjortenåringen, så kvelden går nok med til baking og anna førebuing av familieselskap.

Eg feirar også med å vise deg påskevinduet mitt. Ja, eg veit det er litt tidleg, men det får ikkje hjelpe. Vi reiser bort i påska, og det er koseleg å ta fram pynten i litt god tid, syns eg.

Vrihasselgreinene er lette å dekorere, og å gjere om frå jul til påske til andre feiringar og årstider. Påskeliljene kostar ingenting for tida, så eg kjøper nye bukettar rett som det er.

Ha ei fredeleg helg, alle som stikk innom!

This entry was posted in: Fredag, Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Det må vere lov å begynne med litt påske/vårpynt no! Jula startar vi no å pynte til i vekesvis før 😉 God helg!

Leave a Reply to Britt ÅseCancel reply