Påska er fin, vi kan vere saman, dra på hyttetur her eller der, eller vi kan reise ut av landet desse kjærkomne fridagane. Mange av denne typen aktivitetar er det naturleg å gjere saman med familien.
I høgtidene vert denne familiesamhandlinga veldig tydeleg, særleg for dei som ikkje har nær familie sjølv. Eg kom i prat med ei som har det slik i går. Hennar eiga familie har ho vorte nøydd til å ta avstand frå, dei et henne opp. Psykiatri, rus og store konflikter har gjort at ho og hennar vesle familie må leve sitt eige liv, utan det støtteapparatet og sosiale nettverket som ein samanknytta familie har.
For henne blir det overtydeleg, alt dette pratet om å dra på hytta med familien, treffe slektningar her og der og vere saman. Hos dei er det berre to små og to store, dårleg økonomi gjer at reiser og andre aktivitetar som kostar mykje pengar er utelukka.
Samstundes har ein lett for berre å sjå veggane rundt seg når ein har det slik. Det er lett å gå i kjellaren, og gjere dei få fridagane nitriste med kjefting og tiltaksløyse. Ein vil ikkje vere til bry, og tek ikkje kontakt med andre i same situasjon.
Eg har sterk tru på å skape si nye familie, sitt eige nettverk som ikkje kjem av blodsband men av varme kjensler, gjensidig forståing og glede over å vere saman.
I løpet av livet møter ein menneske som ein kjenner eit samband med, ein nærleik til. Slike må ein samle på. Kan hende er desse i ein tilsvarande situasjon, kan hende er høgtidene tunge for dei og. Ein har lett for å tru ein er den einaste som kjenner på påskeeinsemda, men eg trur det er mange som har det slik. (Sjølv dei med stor familie kan kjenne det slik av og til.)
Dersom ein bit hovudet av sjenansen, og spør i god tid om kva planar dei andre har så kan ein kanskje gjere noko saman? Veit du om nokon som syns at langfredag er alt for lang? Kanskje du skal ta ein telefon og høyre om dei vil kome på besøk for å spele monopol eller vriåtter? Ein treng ikkje vere så ambisiøs når det gjeld servering og slikt, finn fram det du har i skuffer og skap og bak ei kake eller lag ei suppegryte.
Det viktigaste er faktisk at ein er saman, pratar og delar opp- og nedturane med folk ein er glad i. Då kan det bli ein fin langfredag. Ensomhet i påsken
nydeleg godt å lese 🙂
Du er så god, du 😀 Klok også!
🙂 Takk, begge to!
Fin post.
Ein slik ein der den gode kommentaren sit langt inne.
Det er ofte dei beste.
Amen!
Det er i grunnen det eneste jeg har å si akkurat nå. Du skulle visst hvor god timingen var… Det kan jeg utvilsomt fortelle deg om en gang 🙂
Godt og klokt innlegg til ettertanke.