Kvæfjordkake måtte stå på konfirmasjonen, viss ikkje ville opptil fleire av gjestane bli misfornøgde. Slik vart den lagd:
Kvæfjordkake
100 g smør
120 g sukker
4 stk eggeplommer
3 ss mjølk
160 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
Marengs:
4 eggekviter
200 g sukker
100 g mandelspon
Fyll:
3 dl kremfløyte
Vaniljekrem eller romfyll
Rør smør og sukker kvitt, ha i eggeplommer og mjølk. Sikt saman mjøl, bakepulver og vaniljesukker og rør det godt inn i deigen. Kle ei stor langpanne med bakepapir og fordel deigen utover i et tynt lag.
Stivpisk eggekvitene og ha i sukkeret. Pisk vidare til alt sukkeret er løyst opp. Hell marengsen over røra i langpanna. Strø 100 g mandelspon (hakka mandlar) over det heile. Steik kaka ved 180 grader til marengsen er stiv og har fått ein gyllen farge.
Avkjøl. Piske fløyten stiv og vend inn vaniljekrem. Del kaka i to og legg kremen mellom flaka.
Nam! Her på Sørlandet går den under navnet “verdens beste”, og det er nok ikke så langt fra sannheten…
Nam-nam…..her heter den “Verdens beste”
også kjent som “verdens beste”, nam.
Åh, den ser supergod ut! Flinke du som steller i stand så mye!
På tide med ei helsing til deg. Denne helga har me ete asparges med skinke, Skagenrøre (eg brukte ein svensk variant) og kyllingrulettar. Gjett kor eg fekk inspirasjonen frå!
Ikkje nok med det: Me har planta to eføyar (gåver me ikkje sjølv vil ha) langsmed Europavegen. Var det ikkje du som skreiv om geriljahaging eller noko sånt for ei stund sidan?
Uansett: Takk for den flotte bloggen din!
Cilla: Å, så kjekt å høyre! Takk for at eg får lov til å inspirere. Meir om geriljahaging i morgon!
Pingback: Maikaker « Alt godt