Musikk, Reise
Comments 3

Dans på Pont St. Louis

Denne dagen har vore roleg, sjølv om den starta med ein tur til Charles de Gaulle for min del, for å møte elleveåringen, som meiner ei veke i Paris får halde.

Tilbake i byen sjekka vi ut om velib-syklar fungerer for elleveåringar, og konklusjonen er at det gjer dei. Så no syklar vi i karavane, meg først, så elleveåringen, så Advokaten som sikkerheitsvakt og fjortenåringen bakerst. Eg prøver å undertrykke refleksen min til å trakke på når lyset skiftar til gult, det skaper problem for resten av gjengen har eg lært.

Etter ein sykkeltur ned til sentrum gjorde vi eit fåfengt forsøk på å kome inn på YSL-utstillinga i Petit Palais, billettane var utselde lenge før vi kom dit. Vi sjekka ut Grand Palais, og lunta over Pont Alexandre III for å finne ein plass å spise sein lunch/tidleg middag.

Vi er litt ute av synk med parisarane, dei står tydelegvis tidlegare opp enn oss, et lunch klokka eitt og så ingenting før nærare klokka åtte. Men vi finn alltid nokon som vil servere oss mat, heldigvis.

Vegen heim gjekk over Pont St. Louis igjen i dag, og der sto det eit om mogeleg eldre band enn dei som sto der i går. Men det søtaste med det heile var denne stilige dama som dansa veldig ivrig BAK bandet. Det var litt uklart kvifor, ho trudde kanskje ho vekte mindre oppsikt på den måten. For meg var ho høgdepunktet. Vakker er ho, syns du ikkje?

This entry was posted in: Musikk, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. maiblomst says

    Flott dame! Og den der ute av synk opplevinga hadde me også i Marseille.
    Litt vanskeleg med tre småguttar som har veldig kresne smakslaukar. Lettare å finne pizza el pastarettar som passa enn påsmurt og kaker, som var det ein kunne få tak i mellom 1 og 7. Det vart mykje iskrem, slik på ettermiddagstid, men ein kafe me var på ville ikkje selje oss iskrem midt på dagen, for den var berre på «la menu», som ikkje var før seinare på dagen:-)))

    Me smaka forresten osten morbiere, den var god! Gledar meg til å reise på tur med større ungar, og kunne smake meir på lokal mat. No laga me mykje mat sjølv.

  2. Absolutt! Herlig dame! Håper jeg er som henne når jeg blir 80 år. 😉

Leave a Reply to Sulvis Cancel reply