Livet
Comment 1

Lopper på Ila!

I dag er det loppemarknad på Ila skule her i Oslo, adresse Fougstads gate 10 på St.Hanshaugen. Der har dei skattar av alle slag, vi har akkurat levert ned eit heilt billass med flotte klede frå salet vi hadde i bakgården forrige helg. Masse stilige antrekk herfrå, altså.

I tillegg har dei ei velfylt interiøravdeling i teatersalen, haugar og lass med bøker og musikk i nedre gymsal, og klede og sko i øvre gymsal. På musikkrommet finn du elektroavdelinga, og i kantina serverer dei som vanleg fantastiske kaker. Eg er der ikkje, det er to loppemarknader sidan fjortenåringen slutta, men eg heiar på dei for det. Stikk innom, du finn heilt sikkert noko fint!

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Fioljenta says

    Been there done that…=)
    Så nå sitter jeg igjen med to stoler, 6 bøker, aviskurv og vaser. Alt hva man kan finne på loppemarked altså! I love it!

Leave a Reply