Fisk, Middag, Supper
Leave a Comment

Ei lekker laksesuppe

I dag får du oppskrift på ei deilig, krema fiskesuppe. Vi hadde laks til middag dagen før eg lagde suppa, og eg lagde suppe av tre porsjonsstykke som ikkje vart steikt. Suppa lagde eg på hummarfond som eg fann i butikken, men du kan gjerne koke kraft på rekeskal, om du har det. Den krafta blir også veldig god.

Fisk i fiskesuppe skal ikkje koke lenge. Eg likar å skjere bitane relativt små, då skal dei berre omtrent varmast i suppa før dei er ferdige.

I suppa har eg hatt pastinakk, denne fine, lyse gulrotliknande grønsaka som du finn i velassorterte butikkar. Finn du den ikkje kan du bruke sellerirot eller persillerot. Viss du ikkje vil ha vin i suppa, eller ikkje har vin ståande, så bytt den ut med litt sitronsaft eller ei spiseskei kvitvinseddik viss du har det. Slik gjorde eg det:

Laksesuppe til fire personar

400 g fersk eller marinert laks

1 liter vatn

2 ss hummarfond frå flaske

Ein liten gul løk

To gulrøter

Ein halv purre

Ein pastinakk

1 dl kvitvin

Ein pakke (1/3 liter) kremfløte

Litt smør

Salt og peppar

Fersk dill om du har

Skrell grønsakene, og kutt dei opp. Eg brukar å dele purrestilken i to, skylje den, og så skjere den i tynne, halve ringar. Gulrota kan kuttast i vanlege lapskausbitar, pastinakken og løken likar eg å kutte litt mindre.

Varm smøret i ei vid gryte, og ha i grønsakene. La dei surre til løken er blank. Har du fersk dill, så plukk av blada, og la stilkane vere med dei andre grønsakene i gryta. Slå på vinen, og la det frese litt. Slå på resten av krafta (vatn og fond) og fløten, og la det heile koke til grønsakene er møre.

Del laksen i passe store bitar, og ha den i gryta. La det heile trekke litt medan du smakar til med salt og peppar. Klipp over litt frisk dill om du har. Server med godt brød og smør.

This entry was posted in: Fisk, Middag, Supper

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply