Billig mat, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 5

Aioli


Dette innlegget skriv eg eigentleg mest for min eigen del. Men det kan hende at du har nytte av det og.

Å søke på aioli i bloggen min er håplaust, for eg nemner det så ofte. Men i dette innlegget får du ganske enkelt oppskrifta, og ikkje noko anna.

Aioli er i praksis ein majones med kvitløk i, og den er ikkje vanskeleg å lage trass sitt rykte. Slik gjer du det:

Aioli

2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei)

2 fedd kvitløk

1 ts dijonsennep

2 ss sitronsaft

1 lita ts salt

Litt sukker eller honning

½ dl jomfruolivenolje

3 dl nøytral olje

Press kvitløken, og bland alt som står over saman i ein bolle. Ta fram den gode, gamle miksaren som mor di brukte til vaffelrøre.  Miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje.  Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl.

Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 2 dl. Brukar du berre jomfruolje vert smaken på aiolien i skarpaste laget.

Drypp i oljen medan du miksar jamnt og trutt. Skulle blandinga skilje kan du redde situasjonen med litt kaldt vatn som du piskar inn.  Det viktige for å få eit godt resultat er å byrje å ha i oljen dropevis og så auke på litt etter litt til du har rørt inn all oljen.

Så kjem tilsmakinga.  Skift til ein ballongvisp.  Det kan hende du treng meir salt, litt sitronsaft, (syra balanserer feittet i oljen) og litt sukker.  Husk at krystallar som sukker og salt løyser seg saktare i olje enn i vatn, så aiolien må kanskje stå litt mellom kvar tilsmaking for å trekke til seg sukker- eller saltsmaken. Honning løyser seg mykje lettare enn sukker, så bruk gjerne det.

Er aiolien for fast i konsistensen, så kan du spe den med litt kaldt vatn. Svigerinna mi lagde sin første aioli etter mi oppskrift, og ho ringte meg med angst i stemma: Du, går det an å lage aioli-gelé? Ja, ein perfekt aioli kan vere litt  i overkant fast. Tynnar du den med litt vatn får den ein meir majonesaktig konsistens, og mange likar den betre slik.

5 Comments

  1. Tilbakeping: Menyen i dag « Alt godt

  2. Den held seg minst ei veke, men fyll skåla heilt opp, og dekk tett til med gladpack. Når luft kjem til vert den mørkare på farge, og ikkje så delikat.

    Likar

  3. Tilbakeping: På burgerkurs! | Alt godt

  4. Tilbakeping: Ein klassisk pavlova | Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s