Dette vart litt komplisert, men Gaeng Keo Wan Gai betyr kylling i grøn karri på thai. Kjæresten min ynskte seg thaimat i går, og sjølv om eg har lagd thaisuppe før så måtte eg ut i den store verda for å finne inspirasjon.
Thaimat er godt krydra og aromatisk, og dette kjøkkenet vert meir og meir populært. Dei “faste” ingrediensane er karripasta, raud eller grøn, kaffirlimeblad, fiskesaus, galangal eller ingefær, chili, lime og kvitløk. Kokosmjølk er den vanlegaste basen for sausen.
Dette er eigentleg kjapp mat, sjølv om det tek litt tid dei første gongane ein lagar det så får ein det etter kvart inn i fingrane. Kutt opp krydder, grønsaker og kylling først, slik at alt er klart når du byrjar å lage retten. Eg brukte ein wok, men du kan godt lage dette i ei vid steikepanne. Slik gjorde eg det:
400 g strimla kyllingfilet
1 ss grøn karripasta
2 fedd kvitløk
1/2-1 chili
1 ss riven ingefær
to-tre kaffirlimeblad eller 1 ts tørka, flaka kaffirlimeblad
1 aubergin
3-4 vårløk
3 ss asiatisk fiskesaus
1 ts sukker
Ein liten boks bambusskot
Ein boks (400 ml) kokosmjølk
Skal og saft av ein halv lime
200 g ris eller nudlar
Olje til steiking
Skjer auberginen i tynne skiver, og strø salt mellom dei. Stable dei på fjøla, og la dei renne av litt.
Varm opp oljen, og steik kyllingstrimlane til dei er pent brune. Legg dei til side på eit fat. Kutt auberginskivene i fire, steik dei fort i olje og legg dei og til side.
Ha i litt ekstra olje, og ha i karripastaen. La den frese litt. Ha i limeskal, limesaft, finhakka kvitløk, riven ingefær og chili og fres vidare. Slå på kokosmjølka og eventuelt avkok av woken etter at du steikte kyllingen. La dette koke inn litt, ca. 10-15 minutt. I mellomtida kan du koke ris eller nudlar.
Ha i bambusskudd, oppkutta vårløk, kylling og aubergin, og la det heile bli gjennomvarmt. Server med det du valde av ris eller nudlar.
Ser utrolig godt ut! Må nok lage sammen med min asiafrelste venninne; hun laget Laos-suppe til meg for litt siden og nå kan jeg jo overraske henne en dag… (Eller kanskje jeg bare må pelle meg til tigerstaden og spise hos dere?! 😆 )