Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Leave a Comment

Spinatfylt kotelettkam med bakt paprika

I gode slaktarforretningar kan du få ein utbeina kotelettkam som ikkje er skoren i skiver.

Dette er eit mørt og godt stykke svinekjøt, som det er lett å lage gode ting med. Eg hadde ein pose spinat liggande, og nokre paprikaer som heldt på å bli rynkete og triste. Dermed vart det spinatfylt kotelettkam med bakt paprika som tilbehør.

Vi er glade i saus her i huset, og det fine med denne retten er at det blir mykje deilig sjy som du kan lage ein god saus av. Dette er ein fin søndagsmiddag. Det tek litt tid å lage den, men den spinatfylte kotelettkammen smakar fortreffeleg. Samstundes får ein lurt barna til å spise spinat. What’s not to like? Slik gjorde eg det:

1 kg utbeina kotelettkam

150 g fersk spinat

2 ts paprikapulver

1 ts tørka salvie

4 paprikaer, raude eller gule

Olje og smør til steiking

Salt og peppar

Til sausen:

Sjy frå spinat, kjøt og paprika

3 ss crème fraîche

2 ts rognebærgelé

Vatn

Sett steikeomnen på 180 grader.

Skyll og tørk spinaten. Hakk den grovt. Varm opp smør og olje i ei steikepanne, og steik kotelettkammen rundt heile overflata. Ikkje la det bli brent, og kok ut panna til slutt med litt vatn. Slå av varmen, og legg den hakka spinaten i steikepanna. Legg på lok og dra steikepanna av plata.

Del kotelettkammen i to, men ikkje heilt igjennom. Brett ut kjøtet, og skjer snitt ned i det, framleis utan å kutte heilt igjennom kjøtet. Dryss på godt med salt og peppar, paprika og salvie. Ta spinaten frå steikepanna med ein matpinsett eller liknande, og legg den utover kjøtstykket.

Brett saman kjøtstykket, og knyt det fast saman med tjukk bomullstråd. Legg kjøtstykket i ei eldfast form, slå i 2 dl vatn og steik det i omnen på 180 grader i ca. 40 minutt.

Rens paprikaene. Legg dei i ei anna eldfast form, som har fått eit tynt lag med olje. Sett forma nederst i omnen. Slå på 1 dl vatn etter 10 minutt. Viss forma kokar tørr, så ha på meir vatn.

Ta ut paprikaen og kjøtet, og la det kvile medan du lagar sausen. Sil sjya frå spinaten, frå kjøtet og frå paprikaene opp i ei gryte. Kok ut formene med meir vatn viss nødvendig. Ha i crème fraîche og rør godt. La sausen koke litt, og smak til med salt, peppar og rognebærgelé. Viss du vil ha sausen tjukk så jamne den med 2 ts maisenna rørt ut i litt vatn.

Server med kokte poteter. Velbekomme! 🙂

This entry was posted in: Middag, Sausar og dippar, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply