Forfallsestetikk
Tidlegare syntest eg det med avskorne blomar inne berre var trist. Dei døydde så fort. Eg klarte ikkje å passe på dei, og samstundes levde eg eit hektisk liv, så eg fekk ikkje tid til å nyte dei noko særleg. Med åra har eg i større grad lært meg å kose meg med blomane så lenge dei står. Enkelte blomar er også fine i det dei døyr. Tulipanar er slik, dei døyr utruleg vakkert. Sjå på desse, som har stått ei veke i vindauget. Dei er som fuglefjør som slyngar seg ut frå stilken. Fargen lysnar og kronblada vert nesten gjennomskinelege. Alt må døy ein gong, ein må berre lære seg å nyte livet medan det er her.