Eg elskar ungane mine, men det er også fint å vere berre oss to. I går vart det ein enkel middag, med ein saftig og syrleg salat ved sidan ein klassisk spagetti carbonara.
I salaten hadde eg ein slags sylta raudkål. Eg lot raudkålen ligge i ein søt eddik eit kvarters tid før eg hadde den i salaten, eg har det for meg at den då vert lettare å fordøye. I tillegg smakar det veldig godt, om eg skal seie det sjølv.
Eg høvlar raudkålen først med ostehøvel, då får eg lekre tynne strimlar. Har du ein mandolin på benken kan du også bruke den.
På salaten dryssa eg litt av dette japanske krydderet, furikake frå Renée Voltaire. Det gir ein god salt smak på salaten, du kan lage noko liknande ved å riste sesamfrø i ei tørr steikepanne og drysse på litt finsalt på til slutt.
50 g raudkål
1/2 dl eddik, til dømes kvitvinseddik
3 dl blanda salat, eg brukte feldsalat og ruccola
To plommetomatar
1 ss rista sesamfrø
Vinaigrette
Eddiken frå kålmarinaden
1 dl olivenolje
Honning, salt og peppar
Høvle raudkålen fint, ha den i ei lita skål og slå på eddik. Fordel salat og tomatar i salatskåla, og dryss på raudkålen. Bland og smak til dressingen. Slå på dressingen og dryss på rista sesamfrø til slutt.
400 g spagetti
200 g bacon (eg kjøper baconskalkar, godt og billig.)
100 g riven kvitost, gjerne parmesan
2 dl kremfløte
3 eggeplommer eller 2 heile egg
1/2 ts salt
Kverna peppar
Kok pasta slik det står beskrive på pakken. Kutt bacon i ganske små bitar og steik det på middels varme. Bland fløte og eggeplommer (eller heile egg), salt og peppar i ein liten bolle. Slå vatnet av pastaen med eit dørslag.
Ha spagettien tilbake i gryta, og rør inn eggeblandinga. Ha i osten og bacon- eller skinkebitane og sett gryta tilbake på plata på svak varme. Rør rundt i eitt til to minutt til ”sausen” tjuknar og osten har smelta.
Kvern litt meir peppar over, og server, fort!