Fest, Kjøtt, Middag
Leave a Comment

På burgerkurs!

Eg har heilt gløymt å fortelje at eg var på eit aldeles førsteklasses burgerkurs her om dagen!

Nortura/Gilde inviterte meg og nokre fleire matskribentar inn på utviklingskjøkkenet sitt, og det var utruleg gøy. Der fekk vi halde på med dei flottaste råvarene, og leike oss fram til saftige, gode burgerar som vi steikte på det proffe utstyret som dei brukar der i garden.

IMG_5212

IMG_5208Sjefen sjølv, Steve Westerby, lærte oss det grunnleggande om korleis ein handterer kjøt som skal brukast i ein burger. Vi fekk bli med inn i det aller heilagste, krydderrommet, og prøve oss fram med alt som var der.

Det var utruleg gøy, og resultata vart deretter.

Det viktigaste eg lærte var at generelt krydrar eg litt lite. Å vere litt meir vågal er vegen å gå for å få spennande og velsmakande burgerar.

Og burgeren eg endte opp med vart sånn cirka slik:

Hamburger

IMG_5234200 g kjøttdeig

200 g karbonadedeig

1 ts salt

1 ts paprikapulver

1 ts oregano

1/2 ts peppar

1/2 ts løkpulver

Ha kjøtet i ein bolle, og elt det seigt med salt. Dette tek ei stund, og for å få ein burger som heng godt saman så må du legge litt arbeid inn her. Elt deigen i minst fem minutt, gjerne med hendene.

Ha i krydderet, og elt vidare eitt par minutt til. Form burgeren til runde kaker, og dytt dei godt ut over. Dei krympar under steikinga. Denne porsjonen blir ca. tre burgerar.

Smør matolje på utsida av burgeren, og steik den i ei grillpanne til den er gjennomsteikt.

Server med eit godt burgerbrød, løkringar, salat og litt guacamole. Eg smurte også litt aioli på botnen av hamburgerbrødet før eg la kjøtet på. Mmmm!

IMG_5239

This entry was posted in: Fest, Kjøtt, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply